Besøkte Jegertroppen
Konfirmasjonsgåva frå Forsvaret til Den Høgvørde Prinsesse Ingrid Alexandra var eit besøk til Jegertroppen på Rena. Laurdag var Prinsessa på besøk hos soldatane hos Forsvarets spesialkommando.
Prinsessa vart motteken av sjefen for Forsvarets spesialkommando, oberst Lars W. Lilleby, da ho kom til Rena leir i Østerdalen. Der har spesialstyrkane basen sin med eige øvings- og treningsområde.
Første post på programmet for Prinsessa var ei orientering om Forsvarets spesialstyrkar og den verksemda som spesialstyrkane utøver nasjonalt og internasjonalt.
Deretter fekk Prinsessa i full uniform ei omvising i leiren med demonstrasjonar av jegersoldatar i full utrusting og av køyretøyparken. Prinsessa fekk òg simulere eit fallskjermhopp frå eit såkalla hoppetårn.
Prinsessa hoppa frå hoppetårn i eit simulert fallskjermhopp. (Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelege hoffet)
Lunsjen åt Prinsesse Ingrid Alexandra saman med jegersoldatane i mannskapsmessa. Etter lunsj fekk Prinsessa ta del i planlegging av eit oppdrag der ho gjekk inn som del av ein jegerpatrulje under ei øving denne laurdagen. Opphaldet på Rena vart avslutta med felles samling rundt leirbålet der ein oppsummerte dagen.
Dei norske spesialstyrkane
Forsvarets spesialstyrkar består i dag av Marinejegerkommandoen med hovudbase på Haakonsvern, Forsvarets spesialkommando med hovudbase på Rena og ein stab med hovudbase i Oslo.
Prinsessa fekk en orientering om Forsvarets spesialstyrkar av oberst Lars W. Lilleby. (Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelige hoff)
Forsvarets spesialkommando (FSK) er ein fleksibel og operativ spesialstyrke som løyser nasjonale og internasjonale oppdrag. Det er ein styrke med høg reaksjonsevne og løyser oppdrag i heile spekteret av spesialoperasjonar. FSK kan på oppmoding frå politiet støtte med terrornedkjemping og gisselredning ved olje- og gassinstallasjonar til havs, fartøy i norske farvatn og installasjonar på land. Avdelinga har gjennomført ei rekkje krevjande operasjonar i utlandet og nyt stor anerkjenning for innsatsen. Jegertroppen består av vernepliktige soldatar og er eit unikt tilbod for dei som ønskjer ei verkeleg stor utfordring i løpet av førstegongstenesta.
FSK utdannar spesialjegerar til kampskvadronane i avdelinga. I tillegg blir vernepliktige kvinnelege jegerar og fallskjermjegerar selektert og utdanna. Etter avslutta vernepliktsår kan dei gå inn i FSKs reservestyrkar eller fortsetje vidare seleksjon og utdanning og teneste i spesialstyrkane og Forsvaret elles.
Prinsesse Ingrid Alexandra fekk ei omvising i leiren. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelege hoffet)
Fallskjermjegere
Hærens Fallskjermjegerskole ble opprettet i 1962 på Trandum leir og er opphavet til det som i dag er FSK. På bakgrunn av internasjonal terrorisme og utviklingen av Norges oljevirksomhet på kontinentalsokkelen, besluttet regjeringen i 1979 å opprette en antiterrorkapasitet i Forsvaret. Dette resulterte blant annet i etableringen av det som i dag er Forsvarets spesialkommando.
Aktuelle saker

Fortsatte ferden langs Helgelandskysten
Kongeparet fikk kjennskap til både fortidsminner og framtidsplaner da fylkesturen fortsatte med besøk i Leirfjord og Vivelstad. - Det er utrolig hvordan så få mennesker får til så mye, sa Hennes Majestet Dronningen, og berømmet kreativiteten i nord.

Kronprinsen på Nor-Shipping
Bærekraftig skipsfart og hvordan skipsfarten kan bidra til det grønne skiftet var tema under åpningen av verdens største shipping-konferanser, Nor-shipping på Lillestrøm.