Kronprinsparet møtte Barnas Klimapanel
– Vi har også rett til å bli høyrde, fortalde dei åtte barna i Barnas Klimapanel til Kronprinsparet under dagens lunsjmøte på Skaugum.
Den Høgvørde Kronprinsen og Den Høgvørde Kronprinsessa hadde invitert panelet av barn i alderen 11 til 15 år til Skaugum for å høyre meir om engasjementet deira for å ta vare på naturen og kloden – og kjempe mot klimaendringar.
Jakob Sande Haugset (11) frå Sandane fortel om sitt miljøengasjement. Milla Søreide Charbaut (12), Kronprinsesse Mette-Marit, Viljar Olaussen (11) og Olivia Moe-Jordan (13) høyrer på. Foto: Lise Åserud / NTB
Barnas Klimapanel består av åtte barn frå heile landet, som vidareformidlar barn og unge sine meiningar til politikarar og avgjerdstakarar. I helga har dei vore samla fysisk for første gong sidan dei starta arbeidet sitt på nyåret.
Barnas Klimarapport
Kronprinsesse Mette-Marit ønskte dei engasjerte unge velkommen til Skaugum, og alle rundt bordet fortalde kort om seg sjølve og kvifor dei har valt å engasjere seg i klima og miljø.
Barna presenterte Barnas Klimarapport for Kronprinsparet som panelet gjev ut årleg – den siste like før deltakinga på FNs klimakonferanse i Glasgow 31. oktober til 13. november 2021. Rapporten har tittelen “Vår tids største sak – barnas ansvar?” og viser tydeleg at barn er bekymra for klimaendringane og naturen.
Kronprinsparet ønskjer Ulrik Hellum (13) og Olivia Moe-Jordan (13) i Barnas Klimapanel velkommen til Skaugum. Foto: Lise Åserud / NTB
I samtale med Kronprinsparet var barna opptekne av kor viktig det er med rettferd på tvers av landegrenser – at vi som bur i eit rikt land som Noreg, har eit ekstra ansvar. Og sjølv om ingen kan gjere alt, kan alle gjere litt. Barna sa dei var villige til å gjere ein innsats i sine liv.
Barnas Klimapanel
Representantane i panelet er medlemmer av Miljøagentene og er demokratisk valde i organisasjonen. Representantane blir valde for eitt år om gongen.
I panelet i år sit Benjamin Lau-Henriksen (15) frå Oslo, Emanuel Smári Nielsen (14) frå Oslo, Isa Mellblom Theissen (13) frå Oslo, Jakob Sande Haugset (11) frå Sandane, Milla Søreide Charbaut (12) frå Florø, Olivia Moe-Jordan (13) frå Tromsø, Ulrik Hellum (13) frå Fredrikstad og Viljar Olaussen (11) frå Porsgrunn.
Kronprinsparet saman med Benjamin, Milla, Ulrik, Emanuel, Isa, Jakob, Viljar og Olivia i Barnas Klimapanel – og Bjørn Erik og Sina i Miljøagentene. Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm / Miljøagentene
Aktuelle saker
Fylkestur i Trøndelag
Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen er på fylkestur i Trøndelag. Reisen startet med besøk til kommunene Selbu og Malvik, der fokuset på en god oppvekst, inkludering og frivillighet står sterkt.
NATOs generalsekretær i audiens
Hans Majestet Kongen mottok i dag NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg i audiens på Slottet.