Besøkte innkomstsenter for flyktningar
– Over heile landet stiller folk opp av fri vilje, og det treng vi no. Eg er veldig imponert over den innsatsen som blir gjord rundt omkring, sa Hans Majestet Kong Harald da han og Den Høgvørde Kronprins Haakon i ettermiddag fekk ei orientering om det viktige arbeidet som no blir gjort over heile Noreg for å ta imot flyktningar frå krigen i Ukraina.
Kongen og Kronprinsen besøkte UDIs akuttinnkvartering for ukrainske flyktningar på Scandic Hotell Helsfyr i Oslo, eit av fleire hotell rundt i landet som no nytta som akuttinnkvartering av ukrainske flyktningar.
Under besøket fortalde UDI-direktør Frode Forfang, seksjonsleiar Vivian Ellingsen Gotaas og direktør for Mottak og retur Borghild Fløtre om korleis UDI jobbar med å opprette mottaksplassar, og korleis dei samarbeider med andre aktørar.
UDI og Oslo kommune orienterte om arbeidet med å ta imot flyktningar på akuttinnkvarteringa på Helsfyr. Foto: Terje Pedersen / NTB.
Ordførar i Oslo Marianne Borgen, operativkriseleiar for helse i Oslo kommune Stine Wågsås og leiar for dei kommunale helsetenestene på Helsfyr Stine Eugenie Hansen orienterte om tilboda og behova i kommunen.
Mange menneske er no på flukt frå Ukraina. Ukrainske borgarar som søkjer om vern i Noreg, får mellombels kollektivt vern. Det betyr at UDI ikkje skal vurdere behovet for vern individuelt, men gjev ukrainarar som flyktar frå krigen i Ukraina, og familiemedlemmene deira vern som ei gruppe.
Fekk høyre sterke historier
På Helsfyr fekk Kongen og Kronprinsen høyre sterke historier frå nokre av menneska som har flykta frå heimlandet sitt.
– Det gjorde inntrykk. Dei var veldig prega av situasjonen, sa Kongen etter å ha snakka med fleire av familiane som har komme til innkomstsenteret.
Fleire av barna song den ukrainske nasjonalsongen og hadde teikna teikningar i høve besøket frå Kongen og Kronprinsen. Foto: Terje Pedersen / NTB.
Under besøket fekk Kongen og Kronprinsen sjå korleis hotellet har vorte tilpassa dagens situasjon. Fleire av konferanseromma og fellesareala er gjorde om til blant anna helsestasjon, leikerom og klesrom. På leikerommet kan barna blant anna teikne, leike og spele bordtennis. Raudekrossen er blant organisasjonane som er til stades med frivillige på mottaket.
Ved avreise hadde mange av dei over 600 flyktningane som bur på akuttmottaket, samla seg og song Ukrainas nasjonalsong for Kongen og Kronprinsen.
Aktuelle saker
Finalekonsert i Prinsesse Astrid internasjonale musikkpris
Tre unge fiolinistar i verdsklasse stod på scena med Trondheim Symfoniorkester & Opera i går kveld. Prinsesse Astrid, fru Ferner gratulerte finalistane i ei videohelsing som blei vist under utdelinga.
Kronprinsparet i Midtre Gauldal og Trondheim
Fylkesturen fortsatte med besøk til kommunene Midtre Gauldal og Trondheim. Deres Kongelige Høyheter Kronprinsparet fikk et innblikk i livet på bygda og i by i Trøndelag.