Hopp til hovedinnhold

Markerte frigjerings- og veterandagen

Hans Majestet Kongen gratulerte i ettermiddag tre soldatar som vart dekorerte med Forsvarets innsatsmedalje. Den Høgvørde Kronprinsen deltok òg på markeringa av Noregs frigjeringsdag og nasjonale veterandag på Akershus festning.

08.05.2022

Markeringa av frigjerings- og veterandagen er den første opne markeringa av dagen etter to år med pandemi.

Kransnedlegging ved Nasjonalmonumentet

Rett etter at Kongen og Kronprinsen hadde komme, gjennomførte fire av Luftforsvarets F-35-jagarfly overflyging av festningsområdet.

Kong Harald under markeringa av 8. mai på Akershus festning. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Dei frammøte song første vers av «Ja, vi elsker», og Kronprins Haakon la ned krans ved monumentet for offera for krigen 1940–45, ofte berre omtalt som Nasjonalmonumentet.

Før kransnedlegginga inspiserte Kronprinsen Forsvarets honnøravdeling.

Krig i Europa

– Vi takkar alle som bidrog i kampen for eit fritt Noreg, sa statsminister Jonas Gahr Støre i talen sin under markeringa.

– Dei som kjempa i felttoget i Noreg i 1940, frå Drøbaksundet til slaget om Narvik. Krigsseglarane som gjennom heile krigen fekk fram forsyningar og gjorde den allierte sigeren mogleg. Alle involverte i motstandskamp og haldningskamp. Allierte soldatar, ikkje minst frå det vi kjende som Sovjetunionen, der det var både ukrainarar og russarar, bidrog i frigjeringa av Noreg. Mange deltok, ofte med fare for sitt eige liv. Alle fortener ein stor takk, sa Støre.

Kronprins Haakon legg ned krans ved Nasjonalmonumentet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Statsministeren rørte òg ved den russiske krigføringa i Ukraina i talen sin – at det igjen er krig i Europa.

– Noreg fordømmer angrepet på det sterkaste. Vi fordømmer angrepa mot sivile. All øydelegginga. All påført liding, sa Støre.

Han opplyste òg at stortingsrepresentant Masud Gharahkhani og utanriksminister Anniken Huitfeldt var i Ukrainas hovudstad Kyiv for å gjenopne den norske ambassaden på frigjeringsdagen.

Heidra veteranar

I 2010 vedtok regjeringa å innføre ein merkedag for å styrkje anerkjenninga av innsatsen til militære veteranar. Merkedagen vart lagd til 8. mai – frigjeringsdagen – og første gong markert i 2011.

Kong Harald gratulerer soldatane Lars William Lilleby, Sigve Nærø Innselset og Stian Woll med medaljane soldatane fekk for å ha vist uvanleg tapperheit og mot i farefulle operasjonar og kamphandlingar. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Rundt 100 000 norske kvinner og menn har tenestegjort i internasjonale operasjonar i over 40 land.

Major Linda Bertheussen, som tenestegjer i Telemark bataljon, heldt soldatens tale, før forsvarsminister Bjørn Arild Gram, forsvarssjef Eirik Kristoffersen og forsvarssjefens sjefsersjant, sersjantmajor Rune Wenneberg, gjekk fram til podiet for å dele ut medaljar til tre soldatar for innsatsen deira.

Lars William Lilleby fekk Forsvarets innsatsmedalje med rosett, mens Sigve Nærø Innselset og Stian Woll fekk Forsvarets innsatsmedalje.

Forvarets innsatsmedalje vart innstifta i 1992 og blir tildelt av forsvarssjefen til personell som har vist uvanleg tapperheit og mot i farefulle operasjonar og kamphandlingar. Ved særleg fortenestfull innsats blir medaljen med rosett tildelt.

Veteranar under markeringa av 8. mai på Akershus festning. Foto: Alf Simensen / NTB 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook