Mesh 10 år
Den Høgvørde Kronprins Haakon har følgt Mesh gjennom ei årrekkje. Måndag kveld var han til stades da selskapet markerte 10-årsjubileet sitt.
Sidan starten i 2012 har Mesh tilbode lokale, verktøy, nettverk og møteplassar for gründerar og innovatørar sentralt i Oslo. Dei arrangerer event og hjelper oppstartsbedrifter å rekruttere talenta dei treng for å vekse.
Kronprins Haakon har følgt Mesh gjennom mange år og var til stades under markeringa av 10-årsjubileet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
I dag har Mesh meir enn 3800 medlemmer og over 100 000 brukarar kvart år. Dei opererer i Oslo, Trondheim og København og har vorte eit av dei største startup-nettverka i Norden. Dette vart feira under 10-årsmarkeringa på Youngstorget måndag.
Hall of Fame
Høgdepunktet i programmet var etableringa av ein egen Mesh Hall of Fame. Ein for ein vart 17 personar som har vore viktige for Mesh og startup-miljøet gjennom desse ti åra, kalla opp på scenen, presenterte for publikum og tildelte pris for rolla si.
Kronprins Haakon vart innlemma i Mesh Hall of Fame for innsatsen sin for innovasjon og gründerverksemd gjennom mange år. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Til slutt bad Mesh-leiar og grunnleggjar Anders Mjåset Kronprins Haakon komme opp på scenen. Der vart Kronprinsen heidra med ein plass i Mesh Hall of Fame for den mangeårige innsatsen sin for innovasjon og gründerverksemd.
Aktuelle saker

Natur og utdanning i Sogndal
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen fortsetter sin fylkestur til Vestland i dag, til kommunene Sogndal og Høyanger. I Sogndal var utdanning fra barnehage til doktorgrad et sentralt tema.

Innledet fylkestur i Aurland og Lærdal
I dag innledet Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen årets fylkestur, som går til Sogn i Vestland. Den spektakulære Flåmsbana tok Kronprins Haakon gjennom Aurland - den første kommunen på turen.