Feira bunadbruken
I ettermiddag var det bunadfest hos Bondeungdomslaget i Oslo. Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit deltok i feiringa av den norske bunadbruken og arbeidet med å nominere bunadbruken i Noreg til UNESCOs liste over immateriell kulturarv.
Kronprinsessa kom til feiringa i sin hardangerbunad og vart helsa velkomen av ordførar Marianne Borgen, som var ikledd jubileumsdrakta for Oslo.
Kronprinsessa var til stades på bunadfest. Foto: Terje Pedersen / NTB
Gjennom tre år har Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt og Studieforbundet kultur og tradisjon arbeidd med prosjektet "Bunadbruk, populært, men truet".
Prosjektet har hatt som mål å auke kunnskapen om bruk og tilverking av bunadene våre, særleg blant barn og unge. Sjølv om bunadtradisjonen i Noreg er sterk og bunad populært, er den òg trua ved at handverkskunnskapen gradvis vert svekka.
Bunaden i bruk: Leikarringen BUL Oslo underheldt med song, dans og felespel. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Gjennom dette arbeidet har det òg vore ein prosess for å nominere den allmenne bunadbruken i Norge til UNESCOs liste over immateriell kulturarv. Nominasjonssøknaden er no sendt inn til UNESCO.
Den norske bunadbruken, UNESCO-søknaden og prosjektet vart feira med helsingstalar, kaffi, vaflar og dans ved Leikarringen BUL Oslo.
Kronprinsessa i samtale med Leikarringen BUL Oslo, som underheldt med song, dans og felespel under festarrangementet. Foto: Terje Pedersen / NTB
Kronprinsesse Mette-Marit er særs interessert i handarbeid og immateriell kulturarv – ho er sjølv ein aktiv vevar. Nyleg besøkte Kronprinsparet Raulandsakademiet, ein av dei viktigaste akademiske institusjonane i landet innan tradisjonskunst og folkemusikk.
Prosjektleiar Camilla Rossing informerer om UNESCO-søknaden. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Aktuelle saker

Ukrainske Røde Kors i audiens
Ukrainske Røde Kors har 10 000 frivillige og ansatte som hver eneste dag er ute og hjelper gamle og unge i landet. Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen mottok i dag Maksym Dotsenko, generalsekretæren i Ukrainske Røde Kors, i audiens på Slottet.

Norges største barneskole
Hans Majestet Kong Harald var til stede under åpningen av Norges største barneskole.