Hopp til hovedinnhold

Sommarskolen opna i nærvær av Kongen

Hans Majestet Kongen var til stades ved opninga av Universitet i Oslos internasjonale sommarskole (ISS). Seremonien i Universitetets aula i Oslo var òg ei forseinka markering av 75 års-jubileet til Sommarskolen.

27.06.2023

Kongen vart helsa velkommen av songarar frå «Kvindelige Studenters Sangforening». Frå forskjellige plassar i aulaen framførte koret «Bruremarsj frå Vågå».

– Heilt frå starten har Kongehuset vist støtte og interesse for Den internasjonale sommarskolen. Derfor er vi glade for at Kong Harald er til stades her i dag, sa sommarskolerektor Anne Catherine de Silva i sin tale.


Seremonien var òg ei forseinka 75-årsmarkering. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelege hoffet

Frå etableringa av ISS i 1947 og fram til i dag har Kongefamilien vore oppteken av skulen, som har som mål å skape eit forum for internasjonal forståing og dialog på tvers av konflikt og landegrenser.

Kronprins Olav og Kronprinsesse Märtha inviterte nokre år studentane til Skaugum. Kongen og søstrene hans – Prinsesse Ragnhild og Prinsesse Astrid – fekk dermed ei tidleg innføring i kva Den internasjonale sommarskolen står for.

Kronprins Harald og Prinsesse Astrid møter ISS-studentar på Skaugum eit av Sommarskolens første år. (Fotoet er teke av ein amerikansk ISS-student og er henta frå boka «En reise i vår utdanningshistorie», utgitt av Norge-Amerika-foreningen NORAM.)
Frå at sommarkursa dei første etterkrigsåra var spesielt retta inn mot nordamerikanske studentar, vart ISS raskt eit populært tilbod for studentar frå alle kontinent i verda. Rundt 33 000 studentar frå over 150 land har sidan starten i 1947 delteke på Den internasjonale sommarskolen.

ISS tilbyr bachelor- og masterkurs på felt der Noreg er særleg kjent i internasjonal samanheng. Dei seksvekers sommarkursa tek for seg fagområde som berekraftig arkitektur, programmering, utviklingsstudiar, fredsforsking og menneskerettar.

Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo stod for den offisielle opninga. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelege hoffet 

Årets 75-årsjubileum er ei forseinka markering grunna pandemiåra. Etter opningsseremonien inviterte Oslo-ordførar Marianne Borgen studentane til mottaking i Oslo rådhus.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook