Hopp til hovedinnhold

Kakefest på Rikshospitalet

Den Høgvørde Kronprinsessa besøkte i går barn og unge ved Barneavdeling for kreft- og blodsjukdommar på Oslo universitetssjukehus.

29.08.2023

Kronprinsesse Mette-Marit hadde med seg saftis og kaker – identiske med bursdagskakene som vart serverte under bakgardsfesten på Slottet tre dagar tidlegare.

I leikerommet på avdelinga var det pent dekt på til 20 personar. Rundt bordet sat barn og unge som var innlagde på sjukehuset, barn til dagbehandling, foreldre, tilsette og representantar for Barnekreftforeningen.

Kakefest på Rikshospitalet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Det vart ein minnerik kakefest med song, bursdagskrone i høve den nylege 50-årsdagen til gjesten og gode samtalar.

Musikkterapeutane Sofie Mortvedt, Silje Måseide og Stine Camilla Blichfeldt Ærø fekk alle med på “Hurra for deg”, før kake og is vart servert. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Kreft førekjem heldigvis sjeldan hos barn. Men når det likevel slår til, om ein endar på sjukehus, er det godt for både barn og vaksne å ha noko anna å prate om og tenkje på enn sjukdommen.

Kronprinsesse Mette-Marit fekk òg lære meir om arbeidet til Barnekreftforeningen og møte to likepersonar. Hanne Dokken og Romana Vopava jobbar som frivillige med å støtte foreldra. Likepersonar har sjølve vore pårørande eller sjuke som barn, og dei veit kva som kan vere vanskeleg.

Barna og familiane står i ein ekstraordinær livssituasjon, og mange er ofte månadsvis inne på sjukehus utan å kunne gå ut.

Kronprinsesse Mette-Marit i samtale med Fia (7). Dei studerer den fine krona som bursdagsgjesten har fått. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

På veg til og frå leikerommet gjekk Kronprinsessa rundt i avdelinga og vinka inn til barna som låg på isolat.

I Noreg får kvart år rundt 200 barn og ungdommar frå 0 til 18 år diagnosen kreft. Barn og unge får heilt andre krefttypar enn vaksne. Derfor er barnekreft annleis enn kreft hos vaksne.

Det vart servert kaker frå kjøkkenet på Slottet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Generalsekretær Trine Nicolaysen i Barnekreftforeningen introduserer likepersonane Hanne Dokken og Romana Vopava, som bruker eigne erfaringar for å hjelpe. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook