Heidra for den norske innsatsen under Special Olympics
Den Høgvørde Kronprins Haakon og Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit var til stades då regjeringa gjorde stas på den norske troppen frå Special Olympics World Games i Berlin i sommar.
Dei norske utøvarane gjorde ein imponerande innsats i Tyskland og kom heim med heile 51 medaljar – 16 gull, 22 sølv og 13 bronsemedaljar.
Kronprinsparet, kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (t.h.) og idrettspresident Zaineb Al-Samarai (t.v.) saman med dei norske utøvarane frå Special Olympics i Berlin i sommar. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
På vegner av regjeringa inviterte kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery til ei mottaking i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Oslo for å markere den norske innsatsen i Special Olympics World Games i Berlin.
Kring 40 utøvarar deltok i markeringa i går kveld. Kultur- og likestillingsministeren var full av lovord om dei norske utøvarane og heldt ei helsing saman med idrettspresident Zaineb Al-Samarai.
Kronprinsparet var til stades for å markere den norske innsatsen under Special Olympics. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kronprinsparet fekk høve til å snakke med utøvarane og høyre om deira opplevingar frå Tyskland. Noreg var representert i handball, turn, rytmisk gymnastikk, bowling, riding, friidrett, judo, symjing, golf og badminton.
Kronprinsparet og idrettspresidenten fekk høve til å snakke med utøvarane om eigen innsats og opplevingane frå i sommar. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Aktuelle saker

Industribygda Glomfjord
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten besøkte denne uken Statkraft og deres kraftverk i Glomfjord.

Orientering om kunstig intelligens og valgpåvirkning
Kronprinsregenten fikk orientering om kunstig intelligens (KI) og hvordan teknologien kan påvirke valgprosesser. Niels Schia og Bente Kalsnes, medlemmer av regjeringens ekspertgruppe, presenterte hovedfunnene fra rapporten om KI og valgpåvirkning.