Kronprinsen opna Wergelandåret
Torsdag kveld blei Wergelandåret opna med ei festframsyning i Universitetets Aula. Gjennom heile 2008 skal det feirast at det er 200 år sedan diktaren blei født.
Tom Remlov hadde den kunstnarlege regien på det omfattande programmet. Både Liv Dommersnes, Edvard Hoem, Andrea Bræin Hovig, Nicolai Cleve Broch, Mads Ousdal og Trond Espen Seim las tekstar. Den Norske Opera & Balletts Barnekor og Den norske Studentersangforening framførde songar av Wergeland med gamle og nye arrangement.
I opningstale sa Kronprinsen mellom anna:
Wergeland skapte nokre av våre kjæraste songtekster, nokre av dei mest åndfulle verka i norsk litteratur og arbeidde for at den så kalla jødeparagrafen i Grunnlova skulle bli avskaffa. Alt dette i løpet av eit 37 år langt liv. Ikkje rart at han sjølv var så opprørt over det han kalla forsømmelsens gap; det å unnlate å gjera så mykje vi kan.
Wergeland 2008 er eit prosjekt der mellom andre Nasjonalbiblioteket, Riksarkivet og Eidsvoll 1814 samarbeider. Wergeland skal feirast med mange aktivitetar gjennom heile året. Kronprins Haakon er jubileumsfeiringas høge beskyttar.
Aktuelle saker
Ønsket Danmarks kongepar velkommen
I dag kunne Kongeparet ønske Deres Majesteter Kong Frederik og Dronning Mary velkommen til Norge da de gikk i land på Honnørbrygga i Oslo. Besøket er det danske kongeparets første statsbesøk til Norge.
Kongeskipet klart for årets seilingssesong
I ettermiddag gikk Hans Majestet Kongen, Hennes Majestet Dronningen og Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen om bord på Kongeskipet Norge. Dermed er årets sesong i gang for mannskap og befal.