Bislett games 2008
DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa overvar Golden League-stemnet Bislett Games fredag 6. juni.
Da dei kom til stadion, vart Kronprinsparet mottekne av ordførar i Oslo Fabian Stang, styreleiar i Bislett Alliansen Ivar Egeberg og stemnedirektør for Bislett Games Svein Arne Hansen.
Kronprinsen delte ut medalje til vinnaren av 5000 m, Tirunesh Dibaba frå Etiopia. Ho sette verdsrekord på distansen, og den nye rekorden er på 14.11,15.
Kronprinsparet fekk òg sjå Andreas Thorkildsen vinne spydkonkurransen med eit kast på 87,73 m i siste omgang.
Bislett Alliansen har arrangert Bislett Games sidan 1966. Leikane i år er eitt av seks friidrettsstemne i Golden League, der premien går til den eller dei av deltakarane som maktar å vinne sin disiplin på alle seks stemna.
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.