Feira Florø
Det var dei enorme førekomstane av sild rett utanfor kysten som var den direkte årsaka til at det for 150 år sidan vart etablert et ladested på Florøen i Kinn Præstegjeld". Etter kvart fekk byen fleire bein å stå på, med både verft, oppdrett og olje i tillegg til dei tradisjonelle fiskeria.
"Det er således en livskraftig by jeg har gleden av å hilse i dag. Og byen som en gang besto av 50 sjeler har nå passert 11 500 innbyggere.", sa Dronning Sonja i helsingstalen sin til byen. Talen vart halden under barnekulturprogram og folkefest på torget i føremiddag, men Dronninga hadde tett program denne dagen.
Båttur
Dronninga kom til Florø hamn i sjalupp frå Kongeskipet Norge i dag tidleg, og der gjekk ho om bord i båten Sea Service for ein guida rundtur i Florabassenget. Kjentmann Trond Strømgren kunne fortelje om sjåverdigheitene på turen, som blant anna gjekk forbi Stabben fyr.
Kystmuseet
Selskapet gjekk i land ved Kystmuseet, der det var lagt opp til ei omvising i fotoutstillinga Captured by the Norwegians av Robert Robinson.
Her fekk Dronninga òg møte skolebarn som arbeider med båtar.
Havglytt
På ettermiddagen besøkte Dronning Sonja Havglytt, et servicesenter for friske eldre. Her er det både kafé og bibliotek, arbeidsstue og verkstad i kjellaren. Senteret tilbyr kurs og opplæring i ei rekkje aktivitetar i tillegg til å vere ein møteplass.
Besøket vart runda av på Saga Fjordbase på Botnaneset. Her fekk Dronninga ei orientering om aktiviteten på basen og om drifta av Gjøafeltet, før sjaluppen henta Dronning Sonja tibake til Kongeskipet.
Aktuelle saker
Delte ut Abelprisen til fransk matematikar
Den Høgvørde Kronprinsen overrekte i dag den prestisjetunge Abelprisen for 2024 til Michel Talagrand for banebrytande bidrag til sannsynsteori og funksjonalanalyse.
Gratulerer med dagen!
Kongefamilien kunne hilse barnetoget i Oslo fra Slottsbalkongen i strålende vårsol i dag. Rundt 120 skoler går i toget i år, og jubileumsskolen Hovseter førte an.