Kongen opna Operatunnelen
H.M. Kongen stod for den offisielle opninga av Operatunnelen i Bjørvika ved portalen på Mosseveien i dag. Eit sceneteppe dekte inngangen, og tunnelen vart opna da Kong Harald tenkte i lenkja som drog teppet til side.
Teatergruppa Stella Polaris hadde eit kunstnarisk innslag ved tunnelopninga, og deretter vart Kong Harald og gjestene inviterte inn i sjølve tunnelanlegget.
Tunnelvandring
Det vart ei opplevingsrik ferd nedover i tunnelen med dekorasjonar, tablå og kunstnariske innslag frå Øya-festivalen, Nordic Black Theatre, Mela-festivalen og Balletthøgskolen. Dei ulike innslaga spegla Bjørvikas historie og framtid.
I botnen av tunnelen vart det servert økologisk lunsj, og Petter Schjerven var konferansier under arrangementet. Kalenda Meya og Ost & Kjex spilte, og Mariann Fjell Olsen framførte Rusalka av Antonin Dvorák.
Samferdselsminister Maghild M. Kleppa heldt tale.
Senketunnel
Bygginga av tunnelen starta i august 2005, men det finst ei forhistorie nesten 30 år tilbake: Ein senketunnel under fjorden vart første gong omtalt i utgreiingar i 1983. Tunnelen som opna i dag, er 1100 meter lang og bind saman Festningstunnelen og Ekebergtunnelen til eitt tunnelsystem.
Det er første gong delar av ein tunnel er bygd på land og senka ned i sjøbotnen.
Mindre trafikk i gatene
Tidlegare køyrde om lag 120 000 bilar på hovudvegane rundt Bispelokket kvar einaste dag. Med opninga av austgåande løp 26. april i år vart trafikken på overflata redusert med om lag 25 000 bilar. Når det no blir opna for trafikk i begge retningar og mot Mosseveien, skal ytterlegare 40 000 bilar vere sokne i jorda frå måndag 20. september av.
Først når trafikken blir heilt borte frå gamle E18 bak Havnelageret, er det mogleg å leggje ei ny brikke i tunnelpuslespelet. Nytt vegnett i bydelen Bjørvika står òg for tur.
Aktuelle saker
Gratulerer med dagen!
Kongefamilien kunne hilse barnetoget i Oslo fra Slottsbalkongen i strålende vårsol i dag. Rundt 120 skoler går i toget i år, og jubileumsskolen Hovseter førte an.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
H.M. Kongen har utnevnt artist, komponist, pianist og forfatter Ingrid Bjørnov, Tomter til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.