Opna messe om fornybar energi
H.K.H. Kronprins Haakon stod for den offisielle opninga av The North European Renewable Energy Convention (NEREC) på Norges Varemesse i Lillestrøm i dag.
Konferansen samlar fleire av dei fremste ekspertane i verda innan fornybar energi for å diskutere dei store utfordringane som følgjer av auka energibehov - særleg frå utviklingslanda - kombinert med behovet for store reduksjonar i utsleppet av klimagassar.
"It is not difficult to find and use renewable energy sources on a micro level. But how can we, as society, enable ourselves to realize the global potential? That is what an impressive panel of experts and professionals from more than 20 countries will be discussing the coming two days here at NEREC.", sa Kronprins Haakon i opningstalen sin.
NEREC kombinerer konferanse og utstilling og gjev tekonologar, forskarar og avgjerdstakarar sjansen til å komme saman og utveksle erfaringar og synspunkt på energipolitikk, energieffektivisering og utvikling av fornybare energikjelder.
Norsk politikk
Den norske regjeringa er òg reperesentert på konferansen. Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen presenterte regjeringas energipolitikk i dag, mens næringsminister Trond Giske vil innleie dag to med regjeringas ambisjonar for omlegging i retning av ein meir grøn økonomi.
Samler 3.000
NEREC blir arrangert for tredje gong i år, og rundt 3000 delegatar frå nærmare tretti land er venta til den to dagar lange konferansen.
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.