Beredskapsstyrken NORCAP 20 år
Markeringa skjedde på Nobels Fredssenter og vart arrangert for å heidre dei som har vore ute på oppdrag for NORCAP gjennom 20 år.
I dag har styrken 850 kvinner og menn med forskjellig yrkesbakgrunn – og frå Noreg og utlandet. Dronning Sonja møtte fleire erfarne personar i beredskapsstyrken som står klare til å reise ut på 72 timars varsel for å hjelpe FN i internasjonale hjelpeoperasjonar.
7000 oppdrag – 100 land
På arrangementet deltok rundt hundre sekonderte, og dessutan representantar frå Utanriksdepartementet, FN, gjevarar og organisasjonar. Artisten Jonas Alaska stod for det kulturelle innslaget på mottakinga.
Det vart òg arrangert ei utstilling kalla «20 in 20». Utstillinga viser plakatportrett der tidlegare og noverande medarbeidarar i beredskapsstyrken deler erfaringane sine frå arbeidet for NORCAP. Dronninga fekk òg høve til å møte representantar for FNs høgkommissariat for flyktningar, UNHCR.
Sidan starten i 1991 har NORCAP vore ute på meir enn 7000 oppdrag i meir enn 100 land. NORCAP blir finansiert av Utanriksdepartementet og blir driven av Flyktninghjelpa.
Flyktninghjelpa
Tidlegare same dag arrangerte Utanriksdepartementet og Flyktninghjelpa konferansen «20 years in the right place at the right time – Partnerships for the future».
I 2010 var Dronning Sonja beskyttar for TV-aksjonen «På flukt frå krig» til inntekt for arbeidet til Flyktninghjelpa. I den samanhengen besøkte Dronninga verdas største flyktningleir i Dadaab i Kenya, på grensa til Somalia, der ho òg møtte fleire av medarbeidarane til Flyktninghjelpa.
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.