Hopp til innholdet

– Det er så vakkert overalt

På den andre dagen på fylkesturen vitja Kongeparet Vanylven og Sande i strålande vêr. Dei snakka begeistra om den unike naturen på Sunnmøre.

31. august 2022

Sjaluppen fra Kongeskipet går gjennom speilbankt, blått vann inn mot Vanylven. Det er fjell i bakgrunnen og ute på neset de passerer står folk med flagg og vinker.
Kong Harald og Dronning Sonja kjem til Vanylven i Møre og Romsdal. Foto: Erik Birkeland/TINGH

– Det å reise på fylkestur med Kongeskipet i Møre og Romsdal er ei påkjenning for kropp og sjel, sa Hans Majestet Kong Harald da han talte i Sande i ettermiddag.

– Vi ser og vi ser, vi okkar og oiar oss, og vi snur oss heile tida. For det er så vakkert overalt at ein nesten får kink i nakken.

Sjaluppen fra Kongeskipet går gjennom speilbankt, blått vann inn mot Vanylven. Det er fjell i bakgrunnen og ute på neset de passerer står folk med flagg og vinker.
Kong Harald og Dronning Sonja kjem til Vanylven. Foto: Erik Birkeland/TINGH

Hennar Majestet Dronning Sonja sa i sin tale tidlegare på dagen at ho har tallause gode minne frå vandringar på Sunnmøre.

Vanylven – rike på olivin og edelsteinen peridot

Dag to av fylkesturen starta i Åheim i Vanylven kommune. I 1979 – for 43 år sidan – var Kongen og Dronninga i Åheim, som kronprinspar, og beit seg merke i ein spesiell ting under besøket.

– Eg hugsar godt at eg vart gjort merksam på Vanylvens kjende mineral – olivinsteinen – som blir forvandla til dei vakraste, grøne peridotsmykke, sa Dronning Sonja og kunne fortelje at ho ber peridotsmykket ho fekk til 75-årsdagen, med glede.

Gjensyn med orkanoffer

Kong Harald har sterke minne frå Vanylven da han besøkte Rovde etter nyttårsorkanen I 1992. Dronninga løfta fram hendinga i talen sin.

– Møta med dei ramma 8. januar det året sette spor hos mannen min — og i oss alle saman. Biletet av Kongen i gammal, sliten boblejakke og slagstøvlar i dei fordreidde restane etter orkanen har bite seg fast i minnet. Det må ha vore eit sjokk for alle dei som opplevde herjingane til orkanen, sa Dronning Sonja.

Fleire av dei Kongen møtte den gongen, var til stades under besøket til Kongeparet.

På fotballbanen framfor Olivinhallen hadde kommunen førebudd eit kulturprogram med «Merkesteinane», eit stort barnekor, leikarring og korps. Maria Parr, den kjende barnebokforfattaren frå Vanylven, las eit utdrag frå boka «Tonje Glimmerdal» – den tøffe jenta som lever etter mottoet «fart og sjølvtillit».

Innbyggarar frå Vanylven på plass ved Olivinhallen. På første rad sat spesielt inviterte gjestar, som her gardbrukar Eldar Lade, forfattar Maria Parr og Svein Johan Bøstrand, pådrivar for samtlege Monsiadar (idrettsleikar for psykisk utviklingshemma og rørslehemma) - heile 25 år i talet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Verdas første skipstunnel

Kongeparet helsa òg på tre sentrale skikkelsar i bygda – forfattar og småbrukar Hilde Myklebust, gründer Paul Sindre Vedeld og Jan Helgøy, som blir kalla «Mr. Stad-skipstunnel». Den tidlegare ordføraren i kommunen har vore ein viktig pådrivar for det framtidige naboskapet med tunnelen, som er planlagd ferdigstilt i 2026.

Stad skipstunnel blir verdas første i sitt slag. Tunnelen vil redusere risikoen for skipsulykker, redusere ventetida for skipsfart og leggje til rette for meir sjøtransport av gods.

Sankt Jetmund-kyrkja

Kongeparet fekk eit gjensyn med Sankt Jetmund-kyrkja, som dei først vitja i 1979.

Gjensyn med Sankt Jetmund-kirken på Åheim. Foto: Lise Åserud / NTB

Innanfor murane til den vesle langkyrkja frå 1155 vart dei presenterte for historia om kyrkja av Jetmund Rekkedal. Organist Bert Handrick spelte «Tiento de falsas de Secondo tono» av Pablo Bruna. Dette er frå spansk tidlegbarokk med referansar til mellomaldermelodikk – vel eigna i ei mellomalderkyrkje.

Tid for avreise frå Åheim og Vanylven. Ferda går vidare mot Sande kommune. Foto: Erik Birkeland/TINGH

Vidare til Larsnes i Sande

Kongeskipet «Norge» er base for Kongeparet under fylkesturen. I ettermiddag var «Norge» framme ved neste kommune på reisa – Sande. Like før klokka 16.00 gjekk Kong Harald og Dronning Sonja over i kongesjaluppen, som førte dei det siste stykket inn til land. På Larsneskaia venta ordførar, politimeister og blomsterbarna Johannes Sætre og Tiril Mundal (begge 5 år).

Kongeparet møter blomsterbarna Johannes Sætre og Tiril Mundal. Foto: Lise Åserud / NTB

– Dronninga og eg er svært glade for endeleg å vere her i Sande kommune – for aller første gong, sa Kongen da han talte i ettermiddag.

Sande er ein av få kommunar i fylket med meir enn 100 prosent arbeidsplassdekning. Bedriftene er i stor grad tilknytte den maritime næringa.

– Naturen er til glede, men i aller høgaste grad òg til gagn. De er jo så heldige å bu rett ved matfatet, ut mot storhavet.

– At ein kommune som ikkje er verdas største, har så mange arbeidsplassar – og med ein svært internasjonal arbeidsstokk – er imponerande, sa Kongen.

Sande inviterte Kongeparet på taler, humør, sang og musikk på Rønnebergplassen i Larsnes. Foto: Lise Åserud / NTB

På Rønnebergplassen sentralt i administrasjonssenteret Larsnes inviterte kommunen til song, musikk, talar, presentasjon av prosjektet «Livsgledeheim» og utdrag frå «Spelet om kong Arthur». På Kongsvollen på Sandsøya blir det humoristiske og historiske spelet oppført nesten kvart år, med berre amatørar og lokale krefter.

– At britisk historie, med Arthur-legenda, er så aktuell som ho er her – vitnar om eit samfunn med kreativitet, overskot og stor dugnadsånd, sa Kongen.

På Rønnebergplassen fekk Kongeparet sjå utdrag fra «Spelet om kong Arthur». Foto: Erik Birkeland / TINGH

Middagsshow

I kveld inviterer dei fem kommunane på fylkesturen til middagsshowet «Feel Royal» på landsbyhuset Breidablikk i Sande. Det blir ein spesiell variant av det populære middagsshowet «Feel it», som har vore produsert på Larsnes sidan 2012. Kvar haust blir showet køyrt i gang med nytt repertoar og ny meny. Dette er eit samarbeidsarrangement med stor innsatsvilje frå lokalmiljøet.

I morgon blir fylkesturen avslutta i Hareid og ei mottaking om bord på Kongeskipet «Norge».

Møre og Romsdal 2022: Vanylven og Sande

Kong Harald og ordførar Olav Myklebust i Sande kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Dronninga taler i Vanylven. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kong Harald og Dronning Sonja kommer til Vanylven. Foto: Lise Åserud / NTB
Kong Harald og Dronning Sonja kommer til Vanylven. Foto: Lise Åserud / NTB
Blomstergutane Håkon og Magnus. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kongeparet får blomster av tvillingane Håkon og Magnus. Foto: Erik Birkeland/TINGH
Mange hadde møtt fram ved Olivinhallen på Åheim. Foto: Erik Birkeland/TINGH
"Merkesteinane" spelar for Kongen og Dronninga. Foto: Erik Birkeland/TINGH
Forfattaren Maria Parr las frå boka «Tonje Glimmerdal» – den tøffe jenta som lever etter mottoet «fart og sjølvtillit». Foto: Erik Birkeland/TINGH
Felles barnekor synger for Kongeparet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kongeparet kjem til Larsnes i Sande kommune. Foto: Erik Birkeland / TINGH
Blomsterbarna Johannes Sætre og Tiril Mundal. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kongeparet møter blomsterbarna Johannes Sætre og Tiril Mundal. Foto: Lise Åserud / NTB
Sande inviterte Kongeparet på taler, humør, sang og musikk på Rønnebergplassen i Larsnes. Foto: Lise Åserud / NTB
På Rønnebergplassen fekk Kongeparet sjå utdrag fra «Spelet om kong Arthur». Foto: Erik Birkeland / TINGH
Dronning Sonja i Sande. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Møre og Romsdal 2022

Fotoalbum med bilder fra Kongeparets fylkestur til Møre og Romsdal 30. august til 1. september 2022. I løpet av tre dager besøkte Deres Majesteter Kongen og Dronningen kommunene Fjord, Sykkylven, Vanylven, Sande og Hareid. Følg besøket i bilder.

Kongeskipet Norge er base for Kongen og Dronningen under fylkesturen i Møre og Romsdal. Foto: Lise Åserud / NTB
Kongeskipet Norge med kurs for Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Musikalsk velkomst når Kongeskipet bringer Kongen og Dronningen til Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Musikalsk velkomst når Kongeskipet bringer Kongen og Dronningen til Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Kongen og Dronningen går i land i Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Kongeparet i Valldal. Foto: Lise Åserud / NTB
Norske flagg hilste Kongen og Dronningen da de kom til Valldal. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff
Drilljentene er med og skaper fest rundt Kongeparets ankomst. Foto: Lise Åserud / NTB

Viser 8 av 80