Hopp til innholdet

Polarhistorie og mykje god song i Hareid

– Vi avsluttar fylkesturen vår i det vakre knutepunktet på Sunnmøre som Hareid er, sa Hans Majestet Kong Harald i føremiddag – frå same talarstol som far hans, Kong Olav, brukte i 1986.

1. september 2022

Kongen og Dronninga vitjar Ishavsmuseet på Brandal. Foto: Lise Åserud / NTB

Talarstolen vart laga til dette besøket og 1000-årsmarkeringa av slaget ved Hjørungavåg. Slaget, som mest sannsynleg stod i 986, blir framleis markert på Sunnmøre.

Det er aller første gong Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga vitjar korbygda og industrikommunen

– Dronninga og eg har gledd oss lenge til å komme til Hareid, den siste kommunen på fylkesturen vår til Møre og Romsdal. Kronprinsparet var her på fylkestur i 2012, og vi høyrde mykje skryt frå den vitjinga, sa Kong Harald i talen på Tusenårsplassen i Hareid sentrum.

Gulliver Gryt (10 år) gjev blomar til Dronninga. Aminde Fiol Lillebø (6 år) gjev bok med teikningar til Kongen. Foto: Lise Åserud, NTB

Imponerande organisasjonsliv

Heile befolkninga i kommunen var invitert til folkefest, og eit imponerande organisasjonsliv fekk verkeleg sett sitt preg på programmet. Musikk- og kulturskulen slo an tonen med «Mellom bakkar og berg». Hareid Idrettslag fyller 100 år i år og markerte jubileet med turnoppvisning. Det lokale rap-kollektivet Kontrollert Kaos følgde på med god gammaldags «old school» rap, og bygdekoret framførte «Tidt eg minnest».

Hareid Idrettslag fyller 100 år i år og markerte jubileet med turnoppvisning. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Ultraløparen og hareidingen Therese Falk var den første av to talarar. På ti år har ho gjennomført ikkje mindre enn 100 maraton og 60 ultraløp. I dag var temaet hennar lokalidrett og frivilligheit.

Kong Harald løfta fram Therese Falks bragder i sin eigen tale og sa at Hareid er gode representantar for frivilligheita i dette som er Frivilligheitas år.

– At kommunen har over 50 aktive lag og organisasjonar – altså rundt eitt lag per hundre innbyggjarar – det er ganske imponerande, sa han. Kongen roste også mangfaldet av verksemder og bransjar i kommunen.

Næringshistorie på Ishavsmuseet

Kongeparet reiste vidare til Ishavsmuseet i Brandal for å lære meir om selfangsten og ishavsfarten ut frå Hareid. Bygda var senter for all selfangst og polare ekspedisjonar frå heile Vestlandet i førre hundreår. Dei hadde moskusar på beite oppe i fjellet, isbjørn i bur på sjøbuene og kvalross symjande under sjøbugolvet i påvente av sal.

Kongen og Dronninga vitjar Ishavsmuseet på Brandal. Foto: Lise Åserud / NTB

På dekket til ishavsskuta «Aarvak» fortalde ordførar Bernt Brandal om polarhistoria og næringshistoria før og no. Kong Harald og Dronning Sonja snakka òg med ein representant for dagens ekspanderande næringsliv i kommunen. Stian Garnes presenterte selskapet DIMO, som leverer hydrauliske system og løysingar til maritim sektor. I 1995 var Garnes motormann på Kongeskipet «Norge», som Kongeparet har hatt som base under det tre dagar lange fylkesbesøket i Møre og Romsdal.

Kongeparet fekk selskinnstøflar i gåve frå kommunen, overrekt av Else Karlsen. Foto: Lise Åserud / NTB

Avsluttar med mottaking

I ettermiddag inviterer Kongen og Dronninga til ei avsluttande mottaking på Kongeskipet. Det blir om lag 70 gjester om bord – representantar frå alle dei fem kommunane Kongeparet har vitja desse dagane.

Møre og Romsdal 2022: Hareid

Kongen og Dronninga vitjar Ishavsmuseet på Brandal. Foto: Lise Åserud / NTB
Kong Harald taler i Hareid. Foto: Lise Åserud, NTB
Velkomst i Hareid. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Ultraløparen Therese Falk held tale om lokalidrett og frivilligheit. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Ungdomar venter på Kongen og Dronninga om bord på Ishavsskuta Polarstar. Kongeparet besøker Ishavsmuseet på Brandal Foto: Lise Åserud / NTB
Kongeparet vitjar Ishavsmuseet på Brandal. Foto: Lise Åserud / NTB
Det prislønte kvinnekoret Corsonus underheld under vitjinga til «Aarvak» på Ishavsmuseet. Foto: Erik Birkeland / TINGH
Else Karlsen gir Kongen selskinnstøflar i gåve. Foto: Lise Åserud / NTB
Mottakelse på Kongeskipet er siste post på programmet under årets fylkestur for Kongeparet. Foto: Erik Birkeland / TINGH

Møre og Romsdal 2022

Fotoalbum med bilder fra Kongeparets fylkestur til Møre og Romsdal 30. august til 1. september 2022. I løpet av tre dager besøkte Deres Majesteter Kongen og Dronningen kommunene Fjord, Sykkylven, Vanylven, Sande og Hareid. Følg besøket i bilder.

Kongeskipet Norge er base for Kongen og Dronningen under fylkesturen i Møre og Romsdal. Foto: Lise Åserud / NTB
Kongeskipet Norge med kurs for Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Musikalsk velkomst når Kongeskipet bringer Kongen og Dronningen til Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Musikalsk velkomst når Kongeskipet bringer Kongen og Dronningen til Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Kongen og Dronningen går i land i Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Kongeparet i Valldal. Foto: Lise Åserud / NTB
Norske flagg hilste Kongen og Dronningen da de kom til Valldal. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff
Drilljentene er med og skaper fest rundt Kongeparets ankomst. Foto: Lise Åserud / NTB

Viser 8 av 80