Hopp til innholdet

Starta i turistkommunen Fjord

– Dei årvisse fylkesturane våre er noko av det kjæraste Kongen og eg gjer, sa Hennar Majestet Dronninga, som heldt den første talen på turen. I løpet av tre dagar vitjar Kongeparet fem kommunar i Møre og Romsdal.

30. august 2022

Sjaluppen tar Kongeparet tilbake til Kongeskipet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff

Fjord kommune var første mål på reisa, og i føremiddag kom Kongeparet til land ved Syltetorget i jordbærbygda Valldal med sjaluppen frå Kongeskipet Norge.

Kongeparet kjem til Valldal. Foto: Lise Åserud, NTB

På kaia venta 9-åringane Odin Storheim Homlong og Johanne Melchior Meek med blomster til Kongeparet. Korpsmusikantane spelte kjende og kjære marsjar, og langs trebrygga stod barn med flagg oppstilte og viste veg til paviljong og sitjeplassar som var gjorde klare til gjestene.

Folkefest på Syltetorget

Ordførar Eva Hove ønskte Kongeparet velkommen, og elevar frå Fjord kulturskule underheldt med folketone og slått. Det vart eit storslege finalenummer. Til framføringa av Odd Nordstogas «Dans, dans, dans» fekk kulturskulen nemleg hjelp av elevar frå tre skular, eit stort kor av lokale songarar og eit husband.

Viktig turistkommune med søte jordbær

– Dei årvisse fylkesturane våre er noko av det kjæraste Kongen og eg gjer, sa Hennar Majestet Dronning Sonja på talarstolen i Valldal.

– Vi får lov til å oppleve landet vårt i allslags vêr, og vi får sjansen til å nyte det beste vi har av lokal kultur, mat og tradisjonar. Det beste er likevel å møte alle menneska som bur over vårt ganske land. Menneske som er stolte av heimstaden sin, og som utgjer dei store og små varme fellesskapa i by og bygd.

– Dei årvisse fylkesturane våre er noko av det kjæraste Kongen og eg gjer, sa Hennar Majestet Dronning Sonja. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Dronninga takka alle involverte for den flotte velkomsten og omtalte verdsarvkommunen Fjord som noko av det vakraste vi har. Ho delte også frå dei mange turane sine til fjordar, fjell og gardar i området.

Fjord er ein viktig turistkommune med eit eventyrleg fjell- og fjordlandskap. Mange ønskjer å oppleve Trollstigen mellom Rauma og Fjord, og heile 16 prosent av innbyggjarane har jobbar i tilknyting til turisme.

– Kongen og eg er imponerte over næringslivet i kommunen dykkar – ein blomstrande turisme, innovative nysatsingar i fiskeoppdrett, eit verdskjent hotell på stolpar – og sjølvsagt landbruket her i Fjord, sa Dronning Sonja og nemnde spesielt «dei søtaste jordbær» som Valldal er kjend for.

Kongen og Dronninga fekk smake det beste av lokale bær, frukt og iskrem i ulike buer rundt Syltetorget. Foto: Lise Åserud / NTB

I Fjord blir det i tillegg produsert korn og aprikosar, og Kongen og Dronninga fekk smake det beste av lokale bær, frukt og iskrem i ulike buer rundt Syltetorget. Stolane som Kongeparet sat i under vitjinga, var laga av kvar sin lokale møbelprodusent – Sitwell og Stordal Møbel.

I det gamle og ærverdige Sylte hotell er det mykje historie i veggene – blant anna vitja Kong Haakon hotellet i samband med opninga av Trollstigen i 1936. Ole Henrik Uri, som driv hotellet i Valldal sentrum saman med ektefellen sin, presenterte hotellet for Kongeparet.

Under vitjinga i Valldal fekk Kongen og Dronninga òg helse på fire personar i kommunen som har fått Kongens fortenestmedalje – Astor Furseth, Dagny Lovise Eide, Kristian Almås og Nikkoline Myren Grønning.

Kongeparet helsar på Nikkoline "Nikka" Myren Grøning på 105 år. Tidlegare i år fekk ho Kongens fortenstemedalje for innsatsen sin for å ta vare på og formidle tradisjonsmat og lokal matkultur. I 2021 fekk ho ein sving i Trollstigvegen oppkalla etter seg. Foto: Lise Åserud / NTB

No går turen vidare til Sykkylven, der Kongeskipet er venta klokka 16.00.

Kongeparet vinkar farvel til Valldal. Foto: Det kongelege hoffet

Møre og Romsdal 2022: Fjord

Kongen i Valldal. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kongeskipet Norge Kongen og Dronningens base under fylkesturen. Foto: Lise Åserud / NTB
Varm velkomst for Kongeskipet. Foto: Lise Åserud / NTB
Kongen og Dronningen går i land i Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
På kaia venta 9-åringane Odin Storheim Homlong og Johanne Melchior Meek med blomster til Kongeparet. Foto: Lise Åserud, NTB
Dronningen taler i Valldal. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Det vart allsang med "Ja, vi elsker". Foto: Lise Åserud / NTB
Dei fire medaljemottakarane hadde fått plass aller fremst blant dei frammøtte. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kongeparet møtte Nikkoline “Nikka” Myren Grønning på 105 år. Tidlegare i år fekk ho Kongens fortenstemedalje for innsatsen sin for å ta vare på og formidle tradisjonsmat og lokal matkultur. I 2021 fekk ho ein sving i Trollstigvegen oppkalla etter seg. Foto: Lise Åserud, NTB
Elevar frå Fjord kulturskule underheldt Kongeparet. Foto: Liv Anette Luaene, Det kongelege hoffet
Stolane som Kongeparet sat i under vitjinga, var laga av kvar sin lokale møbelprodusent. Foto: Lise Åserud / NTB
Sjaluppen tar Kongeparet tilbake til Kongeskipet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff

Møre og Romsdal 2022

Fotoalbum med bilder fra Kongeparets fylkestur til Møre og Romsdal 30. august til 1. september 2022. I løpet av tre dager besøkte Deres Majesteter Kongen og Dronningen kommunene Fjord, Sykkylven, Vanylven, Sande og Hareid. Følg besøket i bilder.

Kongeskipet Norge er base for Kongen og Dronningen under fylkesturen i Møre og Romsdal. Foto: Lise Åserud / NTB
Kongeskipet Norge med kurs for Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Musikalsk velkomst når Kongeskipet bringer Kongen og Dronningen til Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Musikalsk velkomst når Kongeskipet bringer Kongen og Dronningen til Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Kongen og Dronningen går i land i Valldal i Fjord kommune. Foto: Lise Åserud / NTB
Kongeparet i Valldal. Foto: Lise Åserud / NTB
Norske flagg hilste Kongen og Dronningen da de kom til Valldal. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff
Drilljentene er med og skaper fest rundt Kongeparets ankomst. Foto: Lise Åserud / NTB

Viser 8 av 80