Møtte eit levande lokalsamfunn i Askvoll
I føremiddag gjekk Hans Majestet Kong Harald i land ved sentrumshamna i Askvoll, siste stopp på fylkesturen i Vestland. – I over 50 år har Dronninga og eg reist rundt i det vakre landet vårt på fylkes- og kommuneturar. Og alltid sit vi igjen med gode minne og varme kjensler.
28. mai 2026

Kongen kom til kaia i Askvoll med sjalupp frå Kongeskipet Norge. Der blei han ønskt velkomen av hamnesjef, ordførar, politimeister og blomsterbarn. Mange hadde møtt fram, og Atløykoret og Dekor framførte «Øyarikets vals».
Lokale delikatesser, knivar og laks
Askvoll husar 3000 innbyggjarar og har mykje å by på – vakkert fjordlandskap, eit øyrike i havgapet – og solide bedrifter. Under besøket i Askvoll møtte Kong Harald ein representant for ei tradisjonsbedrift som har nådd langt utover landegrensene – knivprodusenten Helle Fabrikker. Dagleg leiar Svein-Erik Bøthun Helle fortalde at bedrifta sender 80 prosent av knivane ut av landet, hovudsakleg til USA, Japan og Tyskland.
Kong Harald fekk også ein presentasjon av det landbaserte oppdrettsanlegget Bue Salmon, som held til langt ute mot havet i vest, på Bulandet, og fekk møte familien Loftheim som tok imot Kongen i ein gammal sveitservilla dei har gjort om til delikatessebutikk. Dei flytta tilbake til Askvoll etter mange år ved topprestaurantar i Oslo.
– Men så kanskje kjem det ein dag då noko blir vekt, noko som lokkar ein tilbake til heimstaden. Og det at nokon då vel å følgje desse impulsane, det gjer at også små stader i Noreg blir haldne levande. Dei blir haldne levande av kjærleik og inspirasjon, av heimlengsel og skaparkraft, sa Kong Harald då han tala til folket i Askvoll i dag.
– Det er eit godt minne eg tek med meg heim frå Askvoll, som avslutninga på ei uforgløymeleg reise i vakre Vestland fylke.
Kaifest
Kommunen hadde invitert til kaifest med danseinnslag, korpsmusikk, korsong og presentasjonar av frivilligheita i kommunen og Fjordkysten UNESCO Global Geopark. Ordførar Ole André Klausen ønskte Kongen hjarteleg velkomen – til ein stad langt vest i Noreg – og lengst vest i mange samanhengar, kunne ordføraren røpe:
– Her ligg faktisk den vestlegaste skulen, den vestlegaste barnehagen og til og med den vestlegaste kua, sa ordføraren til latter frå sambygdingane.

Kong Harald oppsummerte fylkesturen då han møtte pressa på bryggja etter besøket.
– Då er vi ferdige med tre dagar i Vestland fylke – tre veldig flotte dagar, tre veldig forskjellige dagar. Det gir også inntrykk av kor forskjellige kommunane er i landet vårt. Det skal dei få vere, dei skal få lov til å vise at dei er forskjellige. Masse menneske over alt og god stemning, så eg er fornøgd med alt anna enn at Dronninga ikkje er her. Det er det einaste eg synest er synd, og det synest ho også, så eg har lova å helse frå henne, sa Kongen.
Mottaking på Kongeskipet
I ettermiddag har Kongen halde mottaking på Kongeskipet Norge i anledning fylkesturen og som ein takk for det han har fått oppleve i kommunane Etne, Samnanger, Vaksdal og Askvoll.
Blant gjestene er ordførarane i kommunane som er besøkte, samt menneske frå fylket og den enkelte kommunen som har bidrege til besøket.










