Hopp til hovedinnhold

Kongelege fond og beskyttarskap

Kongelege beskyttarskap har ein lang historisk tradisjon. I tidlegare, meir urolege tider kunne det ofte dreie seg om faktisk, fysisk vern i form av livvakter eller eit vernebrev frå ein konge eller ein fyrste.

I dag fungerer ordninga med beskyttarskap som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet.

Søknader

Søknader om beskyttarskap blir vurderte kontinuerleg og blir sedde i samanheng med programmet og satsingsområda til Kongefamilien.

For at beskyttarskap skal kunne innvilgast, bør organisasjonen vere godt etablert, ha ordna økonomi og ikkje vere kontroversiell. Dersom ein paraplyorganisasjon har beskyttarskap, blir det normalt ikkje gjeve beskyttarskap til underorganisasjonar.

Normalt blir det innvilga beskyttarskap for ein periode på fem år. Deretter må organisasjonen søkje på nytt dersom ein ønskjer at beskyttarskapet skal halde fram.

Det kan òg innvilgast beskyttarskap for enkeltståande arrangement som utstillingar, turnear og konferansar.

Kongelege fond

Støtta til gode formål kan òg skje direkte i form av eigne fond. Det finst tre Kongelege fond som alle blir forvalta av eigne styre etter oppsette statuttar. Dette er:

  • Kronprinsesse Märthas Minnefond
    Fondet har som formål å gje økonomisk støtte til sosiale og humanitære tiltak i organisasjonar og foreiningar.

  • Prinsesse Märtha Louises Fond
    Prinsessens fond gjer støtte til prosjekt for barn med funksjonshemming.

  • Kronprinsparets fond
    Kronprinsparets Fond ønsker å fange opp ungdom som av ulike og ofte sammensatte årsaker risikerer å falle utenfor.

 

 

22.01.2016

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook