Hopp til hovedinnhold
Kongeskipet utenfor Tjøme (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)
Kongeskipet utenfor Tjøme (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)

Fylkesturar

Kongeparet og Kronprinsparet ønskjer å vitje flest mogleg av kommunane i landet og på den måten dekkje Noreg med vitjingar. Fylkesturane er ein fin sjanse til å møte befolkninga i ulike delar av landet og få eit innblikk i deira liv og virke.


Ein fylkestur er ei reise over 2–3 dagar, der 4–6 kommunar blir vitja. Normalt blir det gjennomført to fylkesturar kvart år; ein for Kongeparet og ein for Kronprinsparet. Ofte blir Kongeskipet Norge nytta på reiser langs kysten.


Nedanfor kan du følgje peikare til første artikkel om dei ulike turane – som igjen kan ta deg vidare til andre artiklar, talar, fotoalbum mm.