Hopp til hovedinnhold

Prinsehytta

Prinsehytta er Kongeparets private eigedom og ligg i Sikkilsdalen i Jotunheimen, ein sidedal til Gudbrandsdalen opp frå Vinstra.

Dei svenske kongane hadde mange venner i Noreg som gjerne ville betre kontakten mellom det norsk-svenske kongehuset og Noreg. Det vart derfor sett i gang ein innsamlingsaksjon for å byggje ei hytte i den norske fjellheimen. Slottsforvaltar Hjalmar Welhaven (son av diktaren) teikna Prinsehytta, og arbeidet vart påbyrja i 1900. To år seinare stod hytta ferdig og vart gjeven i gåve til prinsane Gustaf Adolf, Wilhelm og Erik.

Prinsehytta i Sikkilsdalen (1974). Foto: Svein Hammerstad, Scanpix

Fram til unionsoppløysinga i 1905 vart Prinsehytta nytta flittig til jakt og friluftsliv. Etter brotet med Sverige vart ikkje staden nytta, men da Kronprins Olav vart myndig den 2. juli 1924, fekk han staden i gåve av den svenske kronprinsen, Gustaf Adolf.

Opphavleg bestod Prinsehytta av ei stor tømmerhytte med åtte rom og ein svalgang utanfor. Da Kronprins Olav overtok, vart det bygd fleire hus, og så enda fleire i regjeringstida til det noverande kongeparet. Anlegget består no av husgrupper rundt to tun - godt tilpassa terreng og natur. Kongefamilien nyttar staden i påska og i jaktsesongen om hausten.

Kongefamilien samlet til påskerennet i Sikkilsdalen: Prinsesse Ragnhild, Prinsesse Astrid, Kong Haakon, Kronprins Olav, Prins Harald og Kronprinsesse Märtha utenfor Prinsehytta (1950). Foto: Jan Stage NTB / Scanpix

Arkitektur

Da Prinsehytta vart bygd, var Sikkilsdalen alt kjend for hesteslepp. Heilt opp til vår tid har denne tradisjonen vore levande. Her i dette historiske området ligg Prinsehytta i ein storslegen natur mellom fjella og vatnet nedanfor.

Den opphavlege hytta og dei fleste andre hyttene som har komme til etter kvart, er forma ut i tømmer, og nokre i villmarkskledning. Taka er tekte med anten skifer eller torv.

Prinsehytteanlegget er forma ut av hus med ulike funksjonar, grupperte rundt tun. Denne husgruppa representerer både som anlegg, utforming og bygningsspråk det rotfesta og tradisjonsrike norske bygningsidealet.

 

09.02.2015

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook