Hopp til hovedinnhold

Kongeleg bryllaup 1929

Kronprins Olav og Prinsesse Märtha av Sverige gifta seg i Vor frelsers Kirke (Oslo domkyrkje) 21. mars 1929. Prinsesse Märtha av Sverige vart Noregs Kronprinsesse.

Kronprins Olav og Prinsesse Märtha var fetter og kusine, og dei hadde kjent kvarandre frå dei var små. Dei vart hemmeleg forlova i 1928, under OL i Amsterdam, der Kronprins Olav konkurrerte i segling.

13. januar 1929 reiste Kronprinsen inkognito til Stockholm, og 14. januar vart forlovinga kunngjord. Forlovinga var svært populær, både fordi det openbert dreidde seg om det ein på den tida kalla eit inklinasjonsparti, og fordi alliansen bidrog til å lækje sår som framleis eksisterte etter unionsoppløysinga 24 år tidlegare.

Prinsessa kjem til Oslo

Prinsesse Märtha kom til Oslo med tog eit par dagar før vigselen og vart møtt av Kronprins Olav på Østbanen. Prinsessa hadde reist med eit eige ekstratog den siste strekninga, dekorert med flagg og initialane til brureparet. Brurefølgjet drog opp Karl Johans gate til Slottet i ein firespent landauer og helsa dei mange frammøtte frå Slottsbalkongen.

Oslo var pynta til brudlaupsfesten, og mange bygg og gater var pynta med flagg og banner. I tre timar drog brureparet omkring i byen for å ta han i augesyn og helse til folk i gatene. Dagen vart avslutta med ball på Slottet, og kvelden etter var det festframsyning i Nationaltheatret.

Brudlaupsdagen

Vor Frelsers kirke var pynta med kvite blomster, asalea, syrinar, tulipanar, hortensia og kvite liljer, mot ein bakgrunn av palmar. Omkring orgelet stod fleire hundre songarar frå 3 forskjellige kor, og 50 offiserar stod i gjevakt langs midtgangen. 1600 personar var inviterte. I tillegg til omfattande slekt og venner på begge sider var offisielle styresmakter, utanlandske diplomatar og mange framståande borgarar inviterte.

Brudekjolen

Prinsesse Märthas brurekjole var i kvit sølvlamé med 4 meter langt slep, brodert med liljer, prydd med perler og paljettar og slør i gammal brüsselknipling, nesten like langt som slepet. Sløret vart halde saman av eit diadem av oransje blomster med ei lita myrtekrone på toppen. Brurebuketten var i kvite liljer - seinare kjende som ”Märthaliljer”.

Seremonien

Vigselen skjedde klokka 12:00. Da klokka nærma seg, steig Kronprins Olav inn i kyrkja, følgd av forlovaren sin, hertugen av York. Domorganist Eivind Alnæs spelte Richard Nordraaks ”Purpose”.

Deretter følgde den næraste kongelege familien, og Norsk Studentersangforening stemte i ”Sverige” av Wilhelm Stenhamar. Brura kom inn ved armen til far sin. Fire par brurejenter, ei norsk og ei svensk, gjekk hand i hand med Prinsesse Ingrid og dotter til Fridtjof Nansen, Irmelin, i spissen.

Biskop Johan Lunde forretta ved vigselen. Kyrkjelyden song salmane ”Kjærlighet fra Gud ” og ”Gud som ljos og gleda sender”, og seremonien vart avslutta med Händels ”Halleluja”. Frå Akershus festning vart det avfyrt 42 skot - ein dobbel kongesalutt.

Etter vigselen vart det halde brudlaupslunsj på Slottet for 200 gjester.

29.04.2011

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Filmen viser Prinsesse Märthas ankomst til Oslo og det blivende kronprinsparet på hilsningstur omkring i Oslo (Arkivfoto NRK/Det kongelige hoff)