Slottsplassen
Slottsplassen vart opprinneleg laga som paradeplass, og seremoniar er stadig ein del av livet på plassen. Fleire tusen passerer over plassen kvar dag, og om sommaren flokkar turistane hit.

Fleire offisielle seremoniar blir haldne på Slottsplassen. Her tek Kongen imot utanlandske statsoverhovud når det er statsbesøk. Her blir landets nye regjeringar presenterte. Her inspiserer Kongen med jamne mellomrom garden sin.
Der Kongehuset og folket møtest
Plassen er òg ein viktig møtestad for Kongehus og folk. Det viktigaste biletet på dette er barnetoget i Oslo som kvar 17. mai vandrar opp Karl Johans gate og passerer Slottet – der Kongefamilien helsar frå Slottsbalkongen. Tradisjonen vart innført av Kong Haakon, som møtte barnetoget her for første gong i 1906.

Møteplass i sorg og glede
Kong Olav V døydde 17. januar 1991. I dagane som følgde, vart Slottsplassen forvandla til eit hav av blomar og lys – tende av alle dei som ville vise medkjensle og dele sorga over bortgangen til ein kjær konge.
Det same gjentok seg i enda større omfang i dagane etter 28. august 2026. Allereie dagen før Kong Harald V døde begynte folk å legge blomar på Slottsplassen. Da dødsfallet var eit faktum, kom tusenar til Slottsplassen for å vise sin medkjensle.
Krigen over
Da var stemninga ei anna 7. juni 1945, da Kongefamilien kom tilbake frå eksilet under den andre verdskrigen. Enorme menneskemengder fylte gatene og følgde ferda til Kongefamilien frå hamna og opp til Slottsplassen.
Ro!
Under fotball-VM sommaren 2026 vart Slottsplassen spontant Oslo sin samlingsstad for den nye folkesporten roing. Tusenvis strøymde til for å taktfast ro til støtte for herrelandslaget, som gjorde det så godt.
Då VM var over for det norske laget, samla rundt 90 000 seg på plassen for å hylle laget. Dåverande Kronprins Haakon, Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus gjekk ut på plassen og rodde dei òg. Kronprins Haakon fekk æra av å slå takten. Laget sjølv kom òg ut og rodde etter ein mottakelse på Slottet.

Jubileumsfeiring
Den 17. januar 2016 vart Kong Harald og Dronning Sonja sitt 25-årsjubileum feira her med skirenn og andre vinteraktivitetar for små og store. Det vart ein festdag som Kongefamilien tok del i saman med dei mange som var møtte fram. Ein reknar at mellom 30 000 og 50 000 menneske fann vegen til Slottsplassen denne dagen.

«Hurra for deg»
Også i 2012, da Kong Harald og Dronning Sonja sine 75-årsdagar vart markerte, vart det feira på Slottsplassen. Heile 3000 barnehagebarn var inviterte på bollar og saft og song ein rungande «Hurra for deg som fyller ditt år» for Kongeparet.
Gardevaktstua
Slottsplassen breier seg ut framfor fasaden til Slottet, men i det nordre hjørnet av plassen finst eit anna, langt mindre bygg. Dette er vaktstua til Hans Majestet Kongens Garde. Ho vart oppført i 1845 og er eit av dei første husa i landet i sveitserstil. Det er den same arkitekten, Hans D.F. Linstow, som har teikna både slott og stue. Han oppdaga sveitserstilen under ei reise til Tyskland. Han meinte den var nært i slekt med norsk byggjeskikk, og da han kom heim til Noreg, teikna han fleire hus i denne stilen.
Gardevaktstua har hatt same funksjon heilt sidan ho vart teken i bruk første gong. Ho var opphavleg meint som ei mellombels løysing for Garden, men er i dag freda.





