Hopp til innholdet

Vestibylen

Om ein kjem som offisiell gjest, er Vestibylen det første møtet med Det kongelege slottet. For Slottets arkitekt var førsteinntrykket viktig: Vestibylen måtte imponere. ​​​​

Øvre vestibyle. Foto: Jan Haug, Det kongelige hoff

Vestibylen går over to etasjar og ligg rett bak Slottsfasadens midtparti. Frå Øvre vestibyle kan ein gå rett ut på Slottsbalkongen med utsikt over Oslos hovudgate, Karl Johan, og Stortinget.

Da Slottet vart bygd, låg det eit stykke utanfor det som er Oslo i dag. Karl Johans gate vart bygd i 1830-åra for å knyte saman kongebustaden og byen. Ho er ein av dei viktigaste aksane i Oslo og den einaste paradegata av europeisk format i Noreg. Aksen vart lagt med Slottet sitt midtparti som utgangspunkt.

I Øvre vestibyle blir gjester mottekne av hoffsjefen ved gallamiddagar og medaljemottakingar, og ved enkelte høgtidelege høve tek soldatar frå Hans Majestet Kongens Garde oppstilling her.

Vestibylen er også der gjester som skal i audiens, visast vidare - anten til høgre, gjennom Fugleværelset til Kongens kontor - eller til venstre, der Kronprinsen har kontoret sitt. ‌

Kong Harald og Kronprins Haakon gjør honnør til offsieren som leder æresvakten.
Æresvakt i Øvre vestibyle i samband med Stortingets opning. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Utforming og dekor

Tjue søyler i stukkmarmor pregar Øvre vestibyle. Det var opphavleg meininga at søylene skulle hoggast i kvit bergensk marmor. Stortinget løyvde pengar til dette i 1836, og marmorbrytinga vart set i gang. Men på ei av utanlandsreisene sine vart Linstow overtydd om at stukkmarmor ville vere eit gunstigare materiale, fordi ein då stod friare i valet av farge.

Veggene er fargesett etter Linstows opphavlege plan i rosa limfarge, med sinoberraud strekdekor med palmettek, medan søylene er kremkvite.

Øvre vestibyle. Foto: Jan Haug, Det kongelige hoff

Stukkmarmor

Stukkmarmor

Stukkmarmor er ei blanding av vatn, fortynna beinlim, gips, knust dolomitt og ulike fargepigment.

Blandinga blir forma for hand og blir deretter påført eit godt fukta underlag.

Når massen har herda, byrjar det arbeidsame slipearbeidet med pimpstein, gjerne i 6–8 omgangar, før ein oppnår høgpolert glans.

Stukkmarmorsøylene i vestibylen har ein berefunksjon; som ein kjerne i kvar søyle står ein trestolpe. Rundt treet er det så lagt sivmatter, som i sin tur er dekte av stukk.

Utsmykking

Den kunstnarlege utsmykkinga består av skulpturar og relieff. Dei to relieffa skildrar sentrale hendingar med tilknyting til oppføringa av Slottet. Her finst også ein liten monter med murarskeia som vart nytta av Kong Carl Johan då han la ned Slottets grunnstein i 1825.

Ein avlang, kvit frise viser ulike scener frå grunnsteinsnedleggelsen i 1826.
Kong Carl Johan legg ned grunnsteinen til Slottet den 1. oktober 1825 Gipsrelieffet vart laga av Stephan Sinding i 1879 på bestilling av kong Oscar II. Foto: De kongelige samlinger