Prinsehytta
Prinsehytta ligg i Sikkilsdalen i Jotunheimen – ein sidedal til Gudbrandsdalen opp frå Vinstra. Tradisjonelt har dei kongelege nytta staden i påska og i jaktsesongen om hausten.

Prinsehytta er Kongeparet sin private eigedom og kom i familien sitt eige då Kronprins Olav vart myndig i 1924.
Gåve til svenskeprinsane
Prinsehytta vart gjeven i gåve til dei tre svenske prinsane Gustaf Adolf, Wilhelm og Erik få år før unionsoppløysinga i 1905.
Unionskongane hadde mange vener i Noreg som gjerne ville betre kontakten mellom det norsk-svenske kongehuset og Noreg. Det vart derfor sett i gang ein innsamlingsaksjon for å byggje ei hytte i den norske fjellheimen. Slottsforvaltar Hjalmar Welhaven teikna Prinsehytta, og arbeidet vart påbyrja i 1900. I 1902 stod hytta ferdig.
Fram til unionsoppløysinga vart Prinsehytta nytta flittig til jakt og friluftsliv. Etter brotet med Sverige vart ikkje staden nytta, men då Kronprins Olav vart myndig den 2. juli 1924, fekk han staden i gåve av Kronprins Gustaf Adolf av Sverige.
Prinsehytta

Arkitekturen på Prinsehytta
Ved foten av Jotunheimen
Opphavleg bestod Prinsehytta av ei stor tømmerhytte med åtte rom og ein svalgang mot øst. Då Kronprins Olav overtok, vart det bygd fleire hus, og så enda fleire av det noverande kongeparet. Anlegget består no av husgrupper rundt to tun – godt tilpassa terreng og natur.
Då Prinsehytta vart bygd, var Sikkilsdalen alt kjend for hesteslepp. Heilt opp til vår tid har denne tradisjonen vore levande. Her i dette historiske området ligg Prinsehytta i ein storslegen natur mellom fjella og vatnet nedanfor.
Den opphavlege hytta og dei fleste andre hyttene som har komme til etter kvart, er forma ut i lafta tømmer og nokre i villmarkskledning. Taka er tekte med anten skifer eller torv.


