Hopp til innholdet

Skaugum

Heilt sidan dåverande Kronprins Olav kjøpte Skaugum i Asker på 1920-talet, har Noregs kronprinspar nytta staden som bustad.

Skaugum ligg i Asker, sørvest for Oslo, og er Kronprinsparet sin residens. Foto: Heiko Junge / NTB

Skaugum er ein privat bustad, men vert òg brukt til representasjon i offisielle samanhengar og er arbeidsplass for staben på Skaugum.

Offisielle føremål

Kvar 17. mai helsar kronprinsfamilien barnetoget i Asker utanfor Skaugum. Denne tradisjonen strekkjer seg tilbake til 1946. Med tida har det blitt meir bruk av Skaugum til offisielle føremål. Eit av høgdepunkta gjennom året er venskapskampen i fotball på Skaugum arena.

Kronprinsparet inviterer òg gjester inn på Skaugum i offisielle samanhengar. Her har det vore halde frukostmøte, temalunsjar, offisielle middagar, audiensar og mottakingar. Det årlege gjestebodet på Skaugum har ulike tema for kvar gong. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit heldt det første gjestebodet i 2004 – i tilknyting til TV-aksjonen Hjarterom.

Kronprinsfamilien står på trappa foran inngangsdøra og vinker og hilser i bunad.
Kronprins Haakon, Kronprinsesse Mette-Marit, Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus helser barnetoget i Asker utanfor Skaugum på 17. mai. Foto: Lise Åserud / NTB
Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit ynskjer 91 år gamle Berit Oliva Kvalvik velkomen til gjestebod på Skaugum. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Vivil-spelaren Herman Williams jublar saman med Erling Braut Haaland og Kronprinsesse Mette-Marit etter venskapskampen i løkkefotball på Skaugum arena. Foto: Lise Åserud / NTB
Kronprinsparet møtte Barnas Klimapanel til lunsjmøte på Skaugum. Foto: Lise Åserud / NTB

Historie

Historia til Skaugum går tilbake til mellomalderen. Opphavleg høyrde eigedomen til Mariakyrkja i Oslo og Nonneseter kloster, men garden har skifta eigar fleire gonger.

Minister Fritz Wedel-Jarlsberg selde eigedomen til Kong Haakon i 1929 i samband med bryllaupet mellom Kronprins Olav og svenske Prinsesse Märtha. Då hadde det i lang tid rasa ein debatt om kvar det komande Kronprinsparet skulle bu. Kong Haakon betalte 120 000 kroner for eigedomen, og same år flytta dei nygifte inn.

Den gamle hovudbygningen brann ned til grunnen den 20. mai 1930. Etter brannen fekk arkitekt Arnstein Arneberg oppdraget med å planleggje den nye kronprinsbustaden. I 1932 kunne Kronprins Olav og Kronprinsesse Märtha ta det nye huset i bruk.

Her de to prinsessene i hver sin huske.
Familieliv på Skaugum. Prinsesse Ragnhild og Prinsesse Astrid leikar i hagen, medan Kronprinsesse Märtha hjelper til med å dytte huska. Foto: NTB

Under den andre verdskrigen måtte familien på Skaugum flykte frå landet. Eigedomen vart då teken over av den nazistiske okkupasjonsmakta, og leiaren av okkupasjonen av Norge, rikskommissær Josef Terboven, og SS-sjef Wilhelm Redieß busette seg på Skaugum.

Kong Olav budde på Skaugum til 1968, då han gav garden i bryllaupsgåve til Kronprins Harald og Kronprinsesse Sonja. Dei budde på Skaugum fram til sommaren 2001, då dei flytta inn i den nye kongeleilegheita på Slottet. Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit flytta inn på Skaugum i desember 2003.

Økonomi

Som kompensasjon for at staten ikkje stiller bustad til disposisjon for Kronprinsparet, er det lagt inn middel i apanasjeløyvinga til drift, vedlikehald og utvikling av hovudhuset på Skaugum.

Hovudhuset omfattar, i tillegg til sjølve bygningen, garasje med tilhøyrande areal, parken rundt bygget samt tilhøyrande vegnett og parkeringsplassar knytt til aktiviteten ved hovudhuset.

Gårdsplassen og hovedbygningen på Skaugum i mai.
Skaugum. Foto: Heiko Junge / NTB

Arkitekturen på Skaugum

Den opprinnelege hovudbygningen brann ned i mai 1930. Den nye hovudbygningen vart teikna av arkitekt Arnstein Arneberg og stod ferdig i 1932.

Etter brannen var det ein føresetnad å halde på den gamle planforma, slik at det attståande fundamentet og kjellargrunnen kunne nyttast mest mogleg.

Skaugum vart bygd branntrygt i mur med ei fasadeutforming i det gryande funksjonalistiske uttrykket i tida og med enkelte detaljar frå nyklassisismen. Det var òg eit krav til arkitekten at dei enkelte romma skulle utformast slik at møblane som vart redda frå flammane, på ny skulle få ein verdig plass i det nye huset.

Hovudbygningen har vorte oppgradert med jamne mellomrom. Den mest omfattande fornyinga vart sett i gang i 2002 og ferdigstilt i desember 2003 då Noregs nye kronprinspar flytta inn.

Info om Skaugum