Den Kongelige Norske Fortjenstorden
Fortjenstordenen vart stifta av Kong Olav V i 1985. Han blir tildelt som lønn for særleg fortenestfullt virke for Noreg og menneskeheten.

Ordenen vart i hovudsak tildelt norske borgarar for virke i utlandet og utanlandske borgarar for virke i utlandet eller i Noreg. Noregs regjerande monark er Stormeister i ordenen.
Fortenesteordenen er delt inn i fem gradar:
- Storkross
- Kommandør med stjerne
- Kommandør
- Riddar av 1. klass
- Riddar
Ordensteiknet skal returnerast til Ordenskanselliet ved forfremjing eller død.

Fortjenstordenen: Utforming
Utforming
Ordensteiknet er ein Olavskross – forgylt eller i sølv – med ei enkelt krone i kvar av dei fire hjørna og innfelt ein likearma avrunda raud kross med det krona monogrammet til Kong Olav V i midten. Ordensbandet er eit djupblått band.
Korleis ordenen skal berast
Riddarkrossen skal berast på venstre side av brystet og kommandørkrossen i band om halsen, mens storkrossen skal berast i eit breitt skulderband på skrå over høgre skulder. Kvinner ber riddarkrossen og kommandørkrossen i sløyfe av riddarkrossbandet på venstre side av brystet.

