Fredspriskonserten 2014
I går kveld vart fredsprisvinnarane Kailash Satyarthi og Malala Yousafzai hylla med den tradisjonelle fredspriskonserten i Oslo Spektrum.
Onsdag vart Nobels fredspris 2014 tildelt Kailash Satyarthi og Malala Yousafzai for kampen deira mot undertrykking av barn og unge og for alle barns rett til utdanning. Torsdag kveld vart fredsprisvinnarane feira med musikk og dans i Oslo Spektrum.
Musikalsk hyllest
Det var duka for ei storstilt feiring av dei to fredskjemparane frå India og Pakistan i går kveld. Oslo Spektrum var fylt av menneske som ønskte å vise si takksemd for arbeidet Kailash og Malala har lagt ned for barn og unge. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit var til stades saman med barna Prinsesse Ingrid Alexandra, Prins Sverre Magnus og Marius.
Bidragsytarar frå mange land
Kvart år blir denne hyllesten til vinnaren av Nobels fredspris arrangert, og bidraga kjem frå artistar frå heile verda. Både vokalistar og musikarar, dansarar og skodespelarar bidreg. Konserten er ein smeltedigel av ulike sjangrar og kulturelle uttrykk.
Queen Latifa leidde festframsyninga i år, og på scenen stod Amjad Ali Khan, Bolly Flex Dancers, Gabrielle, Girls of the World, Laura Mvula, Seinabo Sey, Steven Tyler og Ustad Rahat Fateh Ali Khan – og sjølvsagt Kringkastingskorkesteret, KORK.
Aktuelle saker

Åpnet årets Likestillingskonferanse
– Vi hadde kommer så langt. Vi har ikke råd til å miste alle disse fremskrittene, sa H.K.H. Kronprins Haakon da han satte fokus på pandemiens innvirkning på likestillingsarbeidet verden over.

– Det er mye gull å hente
Nærmere 120 000 unge under 30 år står utenfor arbeid og skole. Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten talte til kommunesektoren om hvordan ungdom kan føle tilhørighet til det samfunnet de er en del av.