Hopp til hovedinnhold

Oppstartbedrifter og sagalitteratur

Dei islandske sagaene er ein viktig del av både islandsk og norsk kulturarv. I dag overrekte Islands utanriksminister ei stor gåve til glede for norske folkebibliotek.

22.03.2017

Programmet på den andre dagen av Hans Eksellense President Guðni Th. Jóhannesson og fru Eliza Reids statsbesøk omfatta både forsking, bedrifter i etableringsfasen og sagalitteratur. Det starta i Forskingsparken i dag tidleg.

Forsking møter næringsliv

Kongeparet og Presidentparet starta dagens program i Forskingsparken i Oslo. Her møtest forsking, utdanning og næringsverksemd og dreg nytte av kvarandre. Rundt 240 bedrifter, forskingsgrupper og institutt har tilhald her. Eitt av dei er StartupLab.


Omvising på StartupLab i Forskingsparken. Foto: Heiko Junge / NTB scanpixOmvising på StartupLab i Forskingsparken. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

StartupLab blir leidd av islandske Lauga Óskarsdóttir, som presenterte verksemda for gjestene. Dei fekk ei omvising i laben som gav innblikk i arbeidet med fleire prosjekt, og møtte både fleire islandske studentar og ein borerobot.

Sagagåve

Etter besøket i Forskingsparken kunne direktør Aslak Sira Myhre ønskje Presidentparet og Kongeparet velkommen til Nasjonalbiblioteket. Den islandske sagalitteraturen stod i sentrum for besøket. 

Kunnskapen om Noregs historie ville vore mykje mindre utan dei islandske tekstane. Kunnskapen vår om norrøn mytologi ville vore sterkt avgrensa – og verdslitteraturen ville vore fattigare.

– Kunnskapen om Noregs historie ville vore mykje mindre utan dei islandske tekstane. Kunnskapen vår om norrøn mytologi ville vore sterkt avgrensa – og verdslitteraturen ville vore fattigare, sa Kong Harald i talen sin til Presidentparet i går kveld.

I 2014 gav Saga forlag i Reykjavik ut Islendingesagaene, for første gong i komplett utgåve, på både norsk, svensk og dansk. Kong Harald skreiv eit føreord til den norske utgåva. I dag overrekte utanriksminister Guðlaugur Þór Þórðarson ei stor gåve frå Island: 500 eksemplar av det fem bind store verket. Alle norske folkebibliotek skal få kvar sitt, og bibliotek med stor pågang frå unge lesarar skal få to.


Kulturminister Linda Hofstad Helleland tok imot den islandske gåva på vegner av Bibliotek-Noreg. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffetKulturminister Linda Hofstad Helleland tok imot den islandske gåva på vegner av Bibliotek-Noreg. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Sjeldne bøker

Presidentparet og Kongeparet fekk høve til å sjå skattar frå samlingane til Nasjonalbiblioteket, henta fram for høvet. I den første monteren låg for eksempel «Norske Kongers Krønicke oc bedrifft: indtil unge Kong Haagens tid, som døde Anno Domini 1263». Krønika er eit komprimert utdrag av kongesagaene, omsett frå gammalnorsk til dansk på 1540-talet, og truleg den første trykte boka som inneheld ein norrøn sagatekst. 


Nokre av skattane frå samlinga til Nasjonalbiblioteket var ved dette høvet stilte ut i Nokre av skattane frå samlinga til Nasjonalbiblioteket var ved dette høvet stilte ut i "Slottsbiblioteket". Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

 

Gjestene fekk òg sjå 1899-utgåva av Snorres Kongesagaer – kjend for illustrasjonane sine og anerkjend som eit av dei viktigaste verka innan norsk bokkunst.

Offisiell lunsj

President Guðni Jóhannesson hadde møte med statsminister Erna Solberg i forkant av Regjeringas lunsj til ære for Presidentparet. Han vart halden på Akershus slott, og både Kongeparet og Kronprinsparet var blant gjestene.


Statsminister Erna Solberg var vertinne under Regjeringas lunsj i høve statsbesøket frå Island i dag. Ho tok imot gjestene ved Akershus slott. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix.Statsminister Erna Solberg var vertinne under Regjeringas lunsj i høve statsbesøket frå Island i dag. Ho tok imot gjestene ved Akershus slott. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix.

Etter lunsjen besøkte President Jóhannesson og fru Reid Ólafíustofa den islandske kyrkja i Noreg.

Mottaking

Seinare i ettermiddag er det islendingane som inviterer. Kongeparet, Kronprinsparet og Prinsesse Astrid, fru Ferner vil vere Presidentparets gjester ved ei mottaking i Astrup Fearnley Museum.

I kveld reiser President Jóhannesson og fru Reid vidare til Bergen, der den siste dagen av statsbesøket blir gjennomført. Kong Harald kjem til å følgje Presidentparet under programmet i Bergen, som blant anna omfattar besøk til Bergen Vitensenter, Norsk Havlaboratorium og Universitetet i Bergen.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook