Hopp til hovedinnhold

Kong Bhumibols gravferd

H.K.H. Kronprinsen var til stades ved gravferda til Thailands Kong Bhumibol i dag. Den thailandske kongen gjekk bort 13. oktober i fjor.

26.10.2017

Kongelege og statsleiarar frå heile verda deltok ved gravferda i Bangkok.

Fleire hundre tusen menneske stod langs ruta for den Kongelege gravferdsprosesjonen. Urna til den døde Kongen vart frakta på ei forgylt vogn frå 1795. Urna vart frakta til eit spesialbygd krematorium som det har teke eit år å byggje.


Gravferdsseremoni for Kong Bhumibol av Thailand. Foto: REUTERS/Athit PerawongmethaGravferdsseremoni for Kong Bhumibol av Thailand. Foto: REUTERS/Athit Perawongmetha

Sonen til den døde Kongen, Hans Majestet Kong Maha Vajiralongkorn, leidde gravferdsseremonien – der Kronprins Haakon representerte den norske Kongefamilien. Kong Maha Vajiralongkorn er den tiande kongen frå Chakri-dynastiet.

Besøkte Noreg

Kong Bhumibol vart Thailands konge 9. juni 1946, da han overtok trona etter broren, Kong Ananda Mahidol. Kong Bhumibol var da han døydde, si tids lengst regjerande monark.

Kong Bhumibol og kona hans, Dronning Sirikit, avla statsbesøk til Noreg i 1960.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook