Opna nye Tungestølen turisthytte
Hennar Majestet Dronning Sonja opna nye Tungestølen turisthytte i Luster, åtte år etter at uvêr knuste hytta til pinneved.
Natt til 2. juledag 2011 herja ekstremvêret Dagmar på Vestlandet. Berre grunnmur og pinneved var att av den 101 år gamle turisthytta morgonen etter. Luster Turlag tok på seg oppgåva med å gjenreise tradisjonsrike Tungestølen.
6. september inviterte Luster Turlag og Veitastrond bygdelag til offisiell opning. I lett regnvêr kom Dronninga til det nye hyttetunet. Tungestølen er plassert i eit vilt landskap med bratte fjell der brearmar heng nedover fjellsidene.
Nye Tungestølen turisthytte har ei lang historie og ligg fantastisk til som knutepunkt i Breheimen. Foto: Det kongelege hoffet.
Den nye hytta er tilpassa naturen rundt og skal kunne stå støtt i framtidige stormar. Det er det norske arkitektkontoret Snøhetta som vann konkurransen om å gje turisthytta nytt liv.
Dronninga vart ønskt velkommen av Ole Schanke Eikum, styreleiar i Luster Turlag, og Asbjørn Nes, leiar i Veitastrond bygdelag. Under opninga fekk dei frammøte høyre frå initiativtakarar og samarbeidspartnarar og sjå kulturelle innslag med dans, diktlesing og song.
Det er ikkje første gong Dronninga besøkjer Tungestølen. Under opninga vart det vist lysbilete frå brevandringa til Dronninga i 1988. Den gongen gjekk turen frå Tungestølen til Briksdalen, via Austerdalsbreen og Kvitesteinsvarden. Før turfølgjet gav seg ut på den 14 timar lange turen den gongen, overnatta dei på stølen.
Den offisielle opninga vart runda av med snorklipping av Dronninga. Saksa som vart brukt, var den same som tidlegare fylkesmann Nikolai Schei brukte under opninga av Veitastrondsvegen i 1956.
Dronninga klipper snora og opnar med det nye Tungestølen turisthytte. Her saman med Kjetil Trædal Thorsen (Snøhetta), Asbjørn Nes (Veitastrond Bygdelag), Ole Schanke Eikum (Luster Turlag) og Hans Harald Nes (Hans Nes Bygg). Foto: Det kongelege hoffet.
Aktuelle saker

Holdt mottakelse for Natos utenriksministre
Deres Majesteter Kongen og Dronningen holdt i ettermiddag mottakelse for Natos utenriksministre på Slottet. Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var også til stede.

Inspiserte Garden på Huseby
Den Høgvørde Kronprinsen føretok den årlege inspeksjonen av Hans Majestet Kongens Garde i dag. Under inspeksjonen delte Kronprins Haakon òg ut heidersteikna Gardens Ur og Brigader Leif Schanches æresbevisning.