Hopp til hovedinnhold

Avslutta rundreisa i Florø

Småbåtar følgde Kongeskipet Norge inn mot kai i Florø – der Kongeparet steig i land og vitja Florø kulturhus for samtaler om korleis folk har hatt det under pandemien.

17.06.2021

Dette er siste dag av den tre dagar lange reisa i Vestland.

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga har hatt eit ønske om å få høyre korleis lokalsamfunn og folk har handtert den pågåande pandemien og kva for nokre erfaringar dei har gjort seg.

– Vi håper vi begynner å se slutten på dette her. Selv om vi ikke helt vet det heller, sa Kongen i Flåm – første stopp på reisa i Vestland.

Samtaler med unge, frivillige, næringsliv og kultur

Korpsmusikantar frå Florø Hornmusikk og Florøskulen brassband spela i regnvêret då Kongeparet gjekk ned landgangen på Kongeskipet og i land på Fugleskjærkaia i Florø – Noregs vestlegaste by.

Kongen og Dronninga går ned landgangen frå Kongeskipet. Foto: Heiko Junge / NTB

I Florø kulturhus venta kulturinnslag frå damekoret Fryd og mannskoret Gammen. Kongeparet fekk sjå eit utdrag av Kinnaspelet – som hadde vore spelt samanhengande i 35 år før pandemien råka landet i mars 2020. Frivillig Gustav Johan Nydal kunne fortelje at dei hadde brukt dei siste året til å gje kostyme og rekvisittar ei oppgradering.

Kinn kommune er relativt lite råka av koronapandemien. Medan næringslivet kunne vise til gode resultat det siste året, fortalde ungdomen om ei tung tid med pandemi og nedstenging. Håkon Skram Heggen, ordførar i Ungdomens kommunestyre, fortalte at mange unge hadde mista engasjementet i politikken og lokalsamfunnet.

Ungdomsordførar Håkon Skram Heggen talar til Kongeparet i Florø kulturhus. Foto: Heiko Junge / NTB 

Rundtur i Florø

Bilen med Kongeparet tok ein omveg tilbake til Kongeskipet Norge slik at Kongen og Dronninga fekk sjå meir av byen.

Langs vegen var det hundrevis av barn – kledd etter forholda og med norske flagg.

Korpsmusikantar marsjerer i gata under besøket til Kongeparet. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoff

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook