Hopp til hovedinnhold

Ungdom og psykisk helse

Den Høgvørde Kronprinsessa var til stades ved opninga av Mental Helse-konferansen 2023. Tema var ungdom og psykisk helse – korleis skape håp når det er vanskeleg å sjå for seg ei framtid.

10.03.2023

Konferansen vart arrangert på Gardermoen og tok opp den usikre tida vi lever i, samanhengen mellom bruk sosiale medium og psykisk uhelse, samt press i kvardagen.

Søkjer ikkje hjelp

Det vart presentert ein ny rapport om ungdom og psykisk helse, laga av Opinion på oppdrag for Mental Helse. Han viser at halvparten av unge med store psykiske helseutfordringar ikkje søkjer hjelp, verken hos foreldre, hos venner, på skolen eller i helsevesenet. Kvar femte mellom 12 og 20 år har ingen eller få venner, og kvar tredje er bekymra for eiga psykiske helse.

Kronprinsesse Mette-Marit var til stades saman med komikar Sofie Frøysaa, journalist Selma Moren, landsleiar i Mental Helse Ole-Marius Minde Johnsen og generalsekretær Linda Berg-Hegglund. Foto: Lise Åserud / NTB

Førebyggjande tiltak som verkar

– Det er viktig at vi tek med oss framtidshåpet. Sjølv om mange i denne undersøkinga svarer at dei har kjent på håpløyse med tanke på framtida dei neste tolv månadene, så er det faktisk ti gonger så mange som har eit positivt syn på framtida, sa generalsekretær i Mental Helse Linda Berg-Hegglund, som la fram resultata frå rapporten.

– Vi i Mental Helse har klokkartru på at vi må førebyggje meir, og vi må førbyggje betre, sa ho og heldt fram:

– Vi er nøydde til å gjere ting som faktisk verkar. Vi må ha lågterskeltilbod på ungdommen sine premissar, rundt omkring i heile landet, der ungdommane er. Og vi må få førebygging inn i skulen – gje dei kunnskap om psykisk helse og gje dei kunnskap om kvar dei kan få hjelp.

Mental Helse

Mental Helse er ein landsdekkjande medlemsorganisasjon for alle menneske med psykiske helseproblem, pårørande og andre interesserte. Organisasjonen har over 2000 medlemmer.

Psykisk helse står sentralt i arbeidet til Kronprinsesse Mette-Marit.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook