Hopp til hovedinnhold

Innleidde fylkestur i Aurland og Lærdal

I dag innleidde Den Høgvørde Kronprinsen årets fylkestur, som går til Sogn i Vestland. Den spektakulære Flåmsbana tok Kronprins Haakon gjennom Aurland – den første kommunen på turen.

26.09.2023

Kronprinsen kom til Myrdal stasjon med Bergensbanen i føremiddag, der både statsforvaltar, ordførar og visepolitimeister ønskte velkommen. Dei følgde med vidare på neste etappe, som gjekk med Flåmsbana – ein av dei store turistattraksjonane i landet. Heile banen ligg i Aurland kommune og tiltrekker seg nesten ein million reisande fra inn- og utland kvart år.

Toget gjorde ein stopp på veg til Flåm, og Kronprinsen kunne beundre Kjosfossen. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Undervegs mellom Myrdal og Flåm fekk Kronprins Haakon høyre meir om kommunen han reiste gjennom, og om reiselivsnæringa her. Som UNESCO-godkjend verdsarvkommune har Aurland ei viktig oppgåve med å vareta natur og kultur i møte med masseturisme. Arbeidsplassar og inntekter skal balanserast mot ein berekraftig bruk av ressursane.

Ordførar Trygve Skjerdal kunne guide for Kronprinsen om bord på Flåmsbana. Foto: Terje Pedersen / NTB

Vel framme på Aurlandsvangen vart det talar, musikk og dans med lokale barn og unge. Da Kronprins Haakon heldt sin første tale for turen, hylla han ikkje berre den storslåtte naturen, men òg viljen, pågangsmotet og innsatsen som skal til for å realisere noko slikt som Flåmsbana:

– Nokon hadde visjonen og ideen, teikna han, berekna og justerte. Nokon hamra og slo, sprengde og bygde, og viste at strekninga frå Myrdal til Flåm ikkje berre var ei reise fra A til B, men òg byggjekunst på verdsnivå. 

Les heile talen til Kronprinsen her

Kronprinsen fekk òg oppleve noko av dagens næringsverksemd, bygd på lokale tradisjonar og handverk, på Aurlands Skofabrikk.

Anja Hauståker viste Kronprinsen rundt på fabrikken, der mellom anna aurlandsskoen blir produsert. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Vidare til Lærdal 

Frå Aurland gjekk turen vidare til Lærdal, der en spasertur gjennom Gamlegata i administrasjonssenteret Lærdalsøyri innleidde besøket. Lærdalsøyri kan føre historia si heilt tilbake til mellomalderen og har ein vakker trehusbusetnad fra 1700- og 1800-talet. Det var dramatisk da ein bybrann skadde mange hus i 2014. Heldigvis gjekk ingen menneskeliv tapt.

Kronprins Haakon fekk høyre om den gamle handelsstaden og om skadane brannen i 2014 førte med seg, på ein spasertur gjennom Gamlegata. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Mange lærdølar hadde samla seg ved Kvammegården, der eit barnekor framførte både Måla himmelen blå og Svingensongen. Kronprinsen talte og kunne fortelje korleis brannen i 2014 hadde gjort djupt inntrykk på Kongeparet da dei besøkte den brannherja tettstaden. Ikkje minst var det samarbeidet og samhaldet lærdølane viste, som imponerte Kongen og Dronninga.

Imponert over Lærdal

Stor fruktproduksjon

For mange er Lærdal kjend for sin store produksjon av frukt og grønt. I ettermiddag reiste Kronprins Haakon til Sande gard, der det unge paret Eirik Skjerdal Lysne og Synne Skjerdal Lysne har valt å satse på familiegarden, blant anna med jordbær og morellar.

Kronprins Haakon besøkte fruktbøndene Eirik Skjerdal Lysne og Synne Skjerdal Lysne på Sande gard. Foto: Terje Pedersen / NTB
Kronprinsen fekk høyre om korleis bøndene i området samarbeider for å stå sterkare og forvalte produksjonen av bær, frukt og grønsaker på ein berekraftig måte. 

Avslutta med villaks

Kong Haralds store interesse for flugefiske har ført han til Lærdal mange gonger, og Kronprinsen kunne fortelje at han har ete ein god del laks frå Lærdalselvi opp gjennom åra. I 1996 sto Hans Majestet for opninga av Nasjonalt villakssenter, og i dag runda Kronprinsen av programmet for dagen med eit besøk dit.

Nasjonalt villakssenter gjer en viktig jobb med å formidle kunnskap om livet til laksen og utfordringane knytte til forvaltninga av villaks. 

Kronprinsen besøkte Laksesenteret i Lærdal der bilete frå Kongefamiliens besøk til elva er en del av utstillinga. Foto: Terje Pedersen / NTB


I morgon held fylkesturen fram med besøk til kommunane Sogndal og Høyanger, før det hele blir avslutta i Solund på torsdag.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook