Hopp til hovedinnhold

Julebesøk til Aktivitetshuset Nordstrand

Hennar Majestet Dronning Sonja besøkte i dag Aktivitetshuset ved Bydel Nordstrand. Der møtte ho blant anna kunstgruppa og fekk sjå ei kunstutstilling, som representerer ein av aktivitetane som huset har å by på.

20.12.2023

Aktivitetshuset er eit tilbod for alle i Bydel Nordstrand som har kjent eller som kjenner på psykiske utfordringar. Alderen på dei som nyttar tilbodet er frå 18 år og oppover.

Dronning Sonja møtte tilsette, bebuarar og andre som besøkjer Aktivitetshuset. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Dronning Sonja møtte tilsette og menneske som er glad for aktivitetane som huset tilbyr. Tilbodet inkluderer hobbyverkstad, matkurs, treningsrom, strikkeklubb, sal av klede, fellesmåltid og ulike utflukter. Aktivitetshuset har òg opna ein populær gjenbruksstasjon med gratis klede, sko og anna småtteri, som er open for alle.

Kunstgruppeleiar Radwan helsar på Dronninga. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Besøket vart avslutta med musikk, julekaker, te og gløgg i fellesstova. Dronning Sonja møtte òg kunstgruppa, og leiaren ga eit eigenprodusert kunstverk i gåve til Dronninga.

Praksisstudent Silje Rasmussen Sandnes (i midten) framførte den eigenkomponerte songen “Ut i sola”, akkompagnert av musikkterapeut Bettina Flater på gitar og Kjetil Fjellmann på piano. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook