Hopp til hovedinnhold

50 år for barne- og ungdomspsykiatri

Onsdag opna H.K.H. Kronprinsessa jubileumskonferansen for Norsk forening for barne- og ungdomspsykiatriske institusjoner på Bolkesjø.

28.05.2008

I talen sin la Kronprinsessa spesiell vekt på det urealistiske presset mange unge blir utsette for i dag:
”Mange unge jenter og enkelte gutter opplever presset på å være tynn, vakker og ha gode karakterer som en kilde til stress og dårlig selvbilde. Dette kan gjøre en langvarig syk”, sa Kronprinsessen blant annet.

Ho la òg vekt på kor viktig sjølvhjelp er – og viste til Mental Helse Ungdom Akershus – Flerkulturell gruppe som eit eksempel på korleis ungdom med ei psykisk sykdomserfaring støttar kvarandre.

300 fagfolk frå heile landet var til stades på opningsarrangementet. På talarlista elles var President i Raudekrossen Thorvald Stoltenberg, som fortalde frå si breie erfaring med barn i krise. Psykiater Jon Lange gav eit historisk tilbakeblikk på ”Da barnepsykiatrien kom til Noreg” – mens Magne Raundalen ved Senter for krisepsykologi i Bergen fortalde om barn som det einaste handfaste bindeleddet vårt til framtida.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook