Julekonsert i Oslo fengsel
H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit var til stades da Raudekrossen og Nettverk etter soning arrangerte julekonsert i Oslo fengsel i dag. Dette er andre året det blir arrangert nettverkskonsert i fengselet.
Presidenten for Raudekrossen, Sven Mollekleiv, opna arrangementet, før han overlét ordet til Kronprinsessa. Kronprinsesse Mette-Marit fokuserte på menneskeverd i talen sin:
– Alle menneske er like mykje verde – uansett kven vi er og kva vi har med oss av livserfaringar. Kvar enkelt av oss har eit ansvar for å sjå kvarandre som heile menneske – bakanfor ein diagnose, ein dom eller noko anna som vi lett kan la prege biletet vi dannar oss av kvarandre.
Det var Eva and the Heartmaker som heldt årets konsert. Eva Weel Skram og Thomas Stenersen gav ut den første CD-en sin i 2006 og den andre våren 2009.
Før siste nummer heldt ein av deltakarane i nettverket, Bente Leon, innlegg.
Nettverk etter soning
Nettverk etter soning er ein av dei mange aktivitetane til Raudekrossen og hjelper menneske med å etablere nye sosiale nettverk etter soning i fengsel eller gjennomført straff.
Aktuelle saker
Utnevnelse til St. Olavs Orden
H.M. Kongen har utnevnt artist, komponist, pianist og forfatter Ingrid Bjørnov, Tomter til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.
Byutvikling og natur i Oslo
Grønn omstilling, bærekraft og byutvikling er tema under statsbesøket fra Danmark, og i dag ble Deres Majesteter Kong Frederik og Dronning Mary bedre kjent med Oslo - både byen og naturen omkring.