Dignity Day på Ulsrud
H.K.H. Kronprinsen deltok i går på "Dignity Day" på Ulsrud videregående skole i Oslo. Kronprins Haakon fekk høyre ungdommane fortelje mange sterke historier om verdigheit.
Dignity Day er eit kurs om verdigheit. Elevar blir inviterte til ein samtale om kva verdigheit betyr for dei, og korleis dei kan gjere meir for at vala og handlingane deira skal bli styrte av omsynet til eiga og andre si verdigheit.
Dagen vart gjennomført både i plenum og som arbeid i mindre grupper, og Kronprins Haakon deltok i samtalen med Helse- og sosialklasse 1a.
Elevanes eigne historier
Dagen vart avslutta i aulaen ved skolen, der mange elevar valde å fortelje sine eigne historier om verdigheit frå scenen. Dei imponerte Kronprinsen med sterke historier, både om vonde opplevingar om vald og mobbing - og om håp og gleda ved å vere til hjelp og nytte.
Kronprinsen var imponert over elevane:
– Vi må tenkje meir på kva som bind oss saman som menneske, enn på forskjellane. Vi har meir kraft saman enn om vi seier negative ting om kvarandre. Eg er utruleg imponert over dykk og er sikker på at de kjem til å få til store ting, sa Kronprins Haakon.
Kronprinsen samarbeidde med rettleiarar frå MOT og Frivillighet Norge og med skolens eigne tilsette om gjennomføringa av dagen, og både kunnskapsminister Kristin Halvorsen, ordførar Fabian Stang og direktør for Utdanningsetaten Astrid Søgnen var til stades.
Nasjonal Dignity Day 20. oktober
Arrangementet på Ulsrud videregående skole er ein del av oppkøyringa til Dignity Day 20. oktober. Da blir det arrangert Dignity Day på vidaregåande skolar over heile landet, i samarbeid med frivillige organisasjonar som Raudekrossen, MOT og Frivillighet Norge.
Aktuelle saker

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.

Utnevnelse til St. Olavs Orden
H.M. Kongen har utnevnt professor emeritus Trond Hans Farner Kverno, Bodø, til Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.