Revmatikarforbundet jubilerer
Kva er smart mat når du har problem med musklar og ledd? Dette var det sentrale spørsmålet møtet ønskte å utdjupe. Prinsessa har lenge vore oppteken av dette temaet, og i helsingstalen sin nemnde ho bl.a. korleis forsking viser at rett mat kan bidra til å gjere kvardagen betre for denne gruppa.
Prinsessa vart motteken av forbundsleiar Svein Dåvøy og overvar foredrag med ernæringsfysiolog Sissel Urke Olsen og Anna Tostrup Worsley, forfattarar av boka Kronisk. Sistnemnde fortalde om å møte gode råd og forventningar frå omgjevnadene når ein blir sjuk, og korleis ho fann fram til den kombinasjonen som hjelper henne i dag. Ho bruker kosthald aktivt for å leggje band på sjukdommen og få ein betre livskvalitet.
Marianne Krogness var kveldens konferansier, og Knut Anders Sørum stod for dei musikalske innslaga med ei Prøysen-framføring.
Markeringar over heile landet
Lokallag frå heile Austlandet var inviterte til denne 60-årsmarkeringa i Oslo Militære Samfund. I tillegg var møtet ope for alle med interesse for å lære om kosthald relatert til muskel- og skjelettplager.
Møtet vart arrangert av Oslo Fylkeslag i samarbeid med NRF sentralt. Jubileet blir òg markert med mange andre arrangement over heile landet.
Beskyttar
Prinsesse Märtha Louise har vore beskyttar for Norsk Revmatikarforbund sidan 1992, og ho var òg til stades i 2005, da Barne- og ungdomsrevmatikarane (BURG) feira 25-årsjubileet sitt.
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.