Hopp til hovedinnhold

Skaugum

Skaugum gard ligg i Asker sørvest for Oslo og er Kronprinsparet sin residens. Historia til garden går tilbake til mellomalderen.

Opphavleg høyrde Skaugum til Mariakyrkja i Oslo og Nonneseter kloster, men garden har skifta eigar fleire gonger. I 1909 kjøpte minister Fritz Wedel-Jarlsberg staden. Da Kronprins Olav gifta seg med den svenske Prinsesse Märtha i 1929, oppstod det diskusjonar om kvar dei nygifte skulle bu. Wedel-Jarlsberg løyste problemet ved å tilby Skaugum som offisiell residens for Kronprinsparet.  Eigedomen vart overdratt frå Wedel-Jarlsberg til Kronprins Olav for 120.000 kroner, og same år flytta dei nygifte inn

Den gamle hovudbygningen brann ned til grunnen den 20. mai 1930. Etter brannen fekk arkitekt Arnstein Arneberg oppdraget med å planleggje den nye kronprinsbustaden. I 1932 kunne Kronprins Olav og Kronprinsesse Märtha ta det nye huset i bruk.

Kong Olav V budde på Skaugum til 1968, da han gav garden i bryllaupsgåve til Kronprins Harald og Kronprinsesse Sonja. Dei budde på Skaugum fram til sommaren 2001, da dei flytta inn i den nye Kongeleilegheita på Slottet.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit flytta inn i desember 2003.

Hver 17. mai hilser Kronprinsfamilien barnetoget i Asker utenfor Skaugum. Foto: Marius Gulliksrud, Stella Pictures

Arkitektur

Skaugum ligg vakkert til, høgt over bygda Asker med Skaugumåsen i bakkant. Hovudbygningen sjølv kronar høgdedraget med dyrka jorde nedanfor, mens den vakre hagen og parken strekkjer seg bakover mot vest. Tett inntil ligg raudmåla uthusbygningar.

Etter brannen i 1930 var det ein føresetnad å halde på den gamle planforma, slik at det attståande fundamentet og kjellargrunnen kunne nyttast mest mogleg. I tillegg skulle dimensjonane i den tidlegare spisesalen behaldast.

Hovudoppbygnaden til bygningen følgjer i store trekk den tidlegare bygningen, som òg låg i vinkel – med hovudfløya mot hagen og utsikta og servicefløya i vinkel på hovudfløya. Å forme ut eit hus som etter ønsket skulle vere så lågt som mogleg med ein spisesal med ei høgd på fem meter og ei breidd på åtte meter, er ei utfordring. Ein slik føresetnad gjev sjølvsagt bindingar og avgrensingar. Det var ikkje snakk om å byggje opp att det som var brent, men forme arkitekturen i ei arkitektonisk brytningstid mellom nyklassisismen og funksjonalismen med enkle og reine liner med funksjonelle løysingar.

Skaugum vart bygd branntrygt i mur med ei fasadeutforming i det gryande funksjonalistiske uttrykket i tida og med enkelte detaljar frå nyklassisismen. Fasaden er pussa og måla. Fasaden uttrykkjer med vindaugsløysingane sine at i første etasje, bak store vindauge, ligg stuene på rekkje og rad mot utsikta. I andre etasje finst meir underordna rom.

Arkitekten har forma ut Skaugum som ei ramme om ein heim med mindre vekt på representasjon og offisielle handlingar. Det var òg eit krav til arkitekten at dei enkelte romma skulle formast ut slik at møblane som vart redda frå flammane, på ny skulle få ein verdig plass i det nye huset

Kronprinsfamilien på trappen foran Skaugum (2004). Foto: Heiko Junge / NTB scanpix.

Seinare arbeid

Hovudbygningen har vorte oppgradert med jamne mellomrom. Den mest omfattande fornyinga vart gjord i 2002. Arbeidet med generell renovering av hovudhuset og innreiing av ei ny leilegheit for Kronprinsparet vart sett i gang i 2002 og ferdigstilt i desember 2003.

I 2009 vart det utført ei oppussing av fasaden på hovudbygningen. Det vart og drenert kring huset og terrassane mot hagen vart satt i stand.

 

10.09.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook