Husøkonomseksjonen
Hovudoppgåva til Husøkonomseksjonen er å halde Det kongelege slottet og dei andre Kongelege eigedommane i orden. Seksjonen gjer i stand til, gjennomfører og ryddar opp ved ved små og store arrangement – alt frå enkle møte til gallamiddagar og statsbesøk.
Seksjonen utfører eit omfattande reinhald. I tillegg hjelper seksjonen til med å reie senger, dekkje og dekorere bord og stå i garderobe. Ved større arrangement bistår seksjonen slottsgjestene og hjelper dei til rette.
Blomsterbinding
Blomsterdekoratørar er tilknytte seksjonen og sørgjer for utsmykking av bord og salar ved gallamiddagar, offisielle lunsjar og andre større arrangement. Dei er òg ansvarlege for blomsterutsmykkinga ved dei private eigedommane til Kongeparet og Kronprinsparet.
Blomsterdekoratørar er tilknytte Husøkonomseksjonen. Foto: Mona Nordøy
Antikvarisk reinhald
Den store mengda gamle og verdifulle gjenstandar som finst på Det kongelege slottet, gjer Slottet til eit levende museum som stiller spesielle krav til reingjering og vedlikehald. Husøkonomseksjonen legg vekt på stadig å auke kompetansen sin innan antikvarisk reinhald.
Eige vaskeri
Slottet har eige vaskeri, og her blir alt tøy frå Slottet og andre kongelege residensar vaska, rulla og stroke. Hit kjem alt frå klede, serviettar og sengetøy til uniformer og galladukar.
I Slottets eige vaskeri blir det vaska, rulla og stroke. Foto: Mona Nordøy.
Organisering
Seksjonen er ein del av Det kongelege hushaldet og blir leidd av husøkonom Michelle Engen Mathisen.
Alle dei tilsette i seksjonen tenestegjer ved Det kongelege slottet, i tillegg til Kongeskipet og dei andre private og offisielle kongelege residensane.