Kongeleg bryllaup 1896
Den 22. juli 1896 gifta Prins Carl av Danmark og Prinsesse Maud av Storbritannia seg i kapellet i Buckingham Palace. Ti år seinare vart dei krona til Kong Haakon og Dronning Maud av Norge.

Prins Carl og Prinsesse Maud kjende kvarandre godt. Dei var søskenbarn, og som barn hadde dei vore mange somrar saman i Danmark. Men eit slikt ekteskap var ikkje berre ei privatsak, det var òg ein dynastisk og politisk allianse. Både foreldra og statsoverhovuda i Danmark og England måtte gje samtykket sitt. Spesielt Prinsesse Maud vart rekna for å vere eit godt parti. Far hennar, Prinsen av Wales, måtte godkjenne giftarmålet, og han var i sin tur nøydd til å innhente løyve av mor si, Dronning Victoria.
Prinsesse Maud skreiv sjølv til farmora si, og bad om at ho gav si godkjenning. Godkjenninga kom per telegram frå Balmoral slott, og 28. oktober 1895 vart forlovinga kunngjord. Dronning Victoria synest å ha likt den danske prinsen. I mars skal ho ha skrive i dagboka si: ”Mauds festarmann, Carl av Danmark, kom til lunsj. Det syntest å vere ein hyggeleg mann, svært høg og med god utsjånad.”

Dronning Mauds brudekjole
Brurekjolen
Dronning Maud var kjend for den smale midja si – visstnok berre 46 cm – og den vart framheva av snittet i brurekjolen og av eit belte med sølv- og diamantbroderi.
Stoffet var elfenbeinsfarga silkesateng, og kjolen var pynta med ranker av jasmin og appelsinblomster. Ho bar bruresløret til mora, og på hovudet hadde ho ein krans av gule blomstrar.
Gjestene var plasserte etter rang og kledde etter plassering. Damer med invitasjon til kapellet bar galladrakt utan slep og slør, mens fleirtalet, som hadde fått plass på terrassen, skulle møte i visittdrakt med hatt.
Seremonien
Dei kongelege gjestene gjorde entré i tre prosesjonar, mens Grenadergardens musikkorps spelte Wagners Festmarsj. Prins Carl bar marinen sin gallauniform og vart følgd av dei to brørne sine, Christian og Harald. Sist kom bruda ved armen til far sin, følgd av Hertugen av York og 8 brudejenter. Koret song ”Oh Paradise”, og vigsla kunne begynne.
Erkebiskopen av Canterbury forretta. Temaet for brudetalen var forholdet mellom Danmark og Storbritannia, slik det hadde vorte utvikla og styrkt gjennom kongelege bryllaup i to generasjonar, først Kronprinsesse Alexandra og Kronprins Edward – og no Prins Carl og Prinsesse Maud.
Dronning Victoria var den einaste som vart sitjande under heile vigsla, og då seremonien var over, gjorde dei nygifte djup kompliment og tok imot gratulasjonskyss frå dronninga. Orgelet spelte opp, og brudefølgjet forlét kapellet til Mendelssohns bryllaupsmarsj.


Mottaking
Etter vigsla vart det servert lunsj i Buckingham Palace og mottaking i Marlborough House etter ein kjøretur gjennom festpynta gater.
Bryllaupsfeiringa vart avslutta med avreisa til Appleton House på Sandringham. Brudeparet hadde fått eigendomen i bryllaupsgåve av foreldra til Prinsesse Maud. Appleton vart heimen deira i England, og 2. juli 1903 vart sonen Alexander, den seinare Kronprins Olav, fødd her.


