Hopp til innholdet

Kongeleg bryllaup 1929

Kronprins Olav og Prinsesse Märtha av Sverige gifta seg i Vor frelsers Kirke 21. mars 1929. Prinsesse Märtha av Sverige vart Noregs kronprinsesse.

Offisiell fotografering i Fugleværelset.
Brudepar med forlovarar og brudejenter 21. mars 1929

Kronprins Olav og Prinsesse Märtha var søskenbarn, og dei hadde kjent kvarandre frå dei var små. Dei vart hemmeleg forlova i 1928, under OL i Amsterdam, der Kronprins Olav konkurrerte i segling.

Den 13. januar 1929 reiste Kronprinsen til Stockholm i løyndom, og dagen etter vart forlovinga kunngjord. Forlovinga var svært populær. For det første var paret åpenbart forelska. Det var med med andre ord ikkje eit arrangert ekteskap, men det ein på den tida kalla "eit inklinasjonsparti". Den andre årsaka var at alliansen bidrog til å lækje sår som framleis eksisterte etter oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige 24 år tidlegare.

Forlovelse

Paret sitter sammen. Prinsesse Märtha lener seg mot Kronprins Olav.
Forlovinga mellom Kronprins Olav og Prinsesse Märtha vart annonsert i Stockholm 14. januar 1929. Foto: Axel Malmström, Stockholm, Dei kongelege samlingar
Forlovinga mellom Kronprins Olav og Prinsesse Märtha vart annonsert i Stockholm 14. januar 1929. Foto: Arkivfoto: NTB
Kronprins Olav i gallauniform og Prinsesse Märtha med diadem og lys kjole. Hun har armene fulle av blomster.
Fotografi i høve offentleg lysing av ekteskapet. Foto: J. Jaeger, Dei kongelege samlingar
En smilende Prinsesse Märtha blir møtt av Kronprins Olav når hun går av toget.
Prinsesse Märtha kom med tog til Norge eit par dagar før bryllaupet. Kronprins Olav tok i mot henne på Østbanen. Foto: Brødrene Halvorsen, Dei kongelege samlingar
Kronpins Olav og Prinsesse Märtha sitter i en åpen vogn. Prinsessen vinker.
Det går mot kongeleg bryllaup I Oslo. Foto: NTB
Kronprins Olav og Kronprinsesse Märtha smiler og vinker fra åpen bil.
Brudeparet på rundtur i Oslo dagane før bryllaupet skulle stå. Foto: NTB / Billedcentralen

Prinsessa kjem til Oslo

Prinsesse Märtha kom til Oslo med tog eit par dagar før vigselen og vart møtt av Kronprins Olav på Østbanen. Prinsessa hadde reist med eit eige ekstratog den siste strekninga, dekorert med flagg og initialane til brudeparet. Brudefølgjet køyrde opp Karl Johans gate til Slottet i ein firespent landauer og helsa dei mange frammøtte frå Slottsbalkongen.

Oslo var pynta til bryllaupsfesten, og mange bygg og gater var dekorert med flagg og banner. I tre timar drog brudeparet omkring for å sjå på den pynta byen og helse til folk i gatene. Dagen vart avslutta med ball på Slottet, og kvelden etter var det festframsyning i Nationaltheatret.

Kronprinsparet vinker fra åpen vogn, en landauer.
Prinsesse Märtha vart helsa varmt velkomen av Oslos befolkning. Foto: NTB

Bryllaupsdagen

Oslo Domkirke (som den gang vart kalla Vor Frelsers kirke) var pynta med kvite blomar, asalea, syriner, tulipanar, hortensia og kvite liljer, mot ein bakgrunn av palmar. Omkring orgelet stod fleire hundre songarar frå tre forskjellige kor, og 50 offiserar stod i givakt langs midtgangen. 1600 personar var inviterte. I tillegg til omfattande slekt og venner på begge sider var offisielle styresmakter, utanlandske diplomatar og mange framståande borgarar inviterte.

Bryllupsbilde av Kronprins Olav og Kronprinsesse Märtha.
Foto: A.B. Wilse, De kongelige samlinger

Kronprinsesse Märtha sin brudekjole

Brudekjolen

Kronprinsesse Märthas brudekjole var i kvit sølvlamé med eit fire meter langt slep, brodert med liljer, pryda med perler og paljetter og slør i gammal brüsselknipling, nesten like langt som slepet.

Sløret vart halde saman av eit diadem av oransje blomar med ei lita myrtekrone på toppen.

Brudebuketten var i kvite liljer - seinare kjende som ”Märthaliljer”.

Seremonien

Vigselen skjedde klokka 12.00. Da klokka nærma seg, steig Kronprins Olav inn i kyrkja, følgd av forlovaren sin, hertugen av York til tonene av Richard Nordraaks ”Purpose”.

Deretter følgde den næraste familien, og Norsk Studentersangforening stemte i ”Sverige” av Wilhelm Stenhamar. Bruda kom inn ved armen til far sin. Fire par brudejenter, med ei norsk og ei svensk jente i kvart par, gjekk hand i hand opp kirkegolvet, og først gjekk Prinsesse Ingrid og dotter til Fridtjof Nansen, Irmelin.

Biskop Johan Lunde forretta ved vigselen og seremonien vart avslutta med Händels ”Halleluja”. Frå Akershus festning vart det avfyrt 42 skot - ein dobbel kongesalutt.

Etter vigselen vart det halde bryllaupslunsj på Slottet for 200 gjester.

Tett i tett med mennesker samlet på Slottsplassen. Statuen av Carl Johan stikker opp av menneskehavet.
Tusenvis var møtt fram på Slottsplassen for å helse brudeparet etter vigselen. Foto: Dei kongelege samlingar