Avsluttet i Nidarosdomen
Statsbesøket frå Tyskland vart avslutta i Trondheim i dag. H.K.H. Kronprins Haakon følgde H.E. President Joachim Gauck og fru Daniela Schadt til MARINTEK i føremiddag, før det heile vart runda av i Nidarosdomen.
Norsk Marinteknisk Forskingsinstitutt (MARINTEK) utfører forsking og utvikling for verksemder innan marin teknologi. MARINTEK er ein del av SINTEF, som er den største uavhengige forskingsorganisasjonen i Skandinavia. Hovudkontoret og laboratoria deira ligg i Trondheim, og følgjet vart motteke på Tyholt av SINTEFs konsernsjef Unni Steinsmo og NTNU-rektor Gunnar Bovim.
Gjestene fekk ei omvising i dei hydrodynamiske laboratoria. Ved havbassenget fekk dei òg møte forskarar og studentar som presenterte prosjekta sine – mange av dei tyske.
Konsert i Nidarosdomen
Etter lunsj i Erkebispegarden, der ordførar i Trondheim Rita Ottervik var vert, spaserte selskapet til Nidarosdomen. Her viste preses Helga Haugland Byfuglien og Steinar Bjerkestrand frå Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider gjestene omkring i nasjonalheilagdommen. Domen er rekna å ha stått ferdig omkring år 1300, og arbeidet med gjenoppbygging og restaurering har halde på i over hundre år.
Ein konsert med domkantor Magne H. Draagen og Nidaros domkor avslutta statsbesøket. Fleire tyske «lieder» og salmar stod på programmet, og gjestene fekk høyre Johan Sebastian Bachs Preludium i G-dur frå Wagner-orgelet. Det vakre barokkorgelet vart bygd av Joachim Wagner – ein av dei store orgelbyggjarane frå den tyske barokken – og stod ferdig i 1741.
Aktuelle saker
Statsbesøk fra Moldova
Moldovas president, Hennes Eksellense fr. Maia Sandu innledet mandag sitt statsbesøk til Norge. Hans Majestet Kongen og Hennes Majestet Dronningen er vertskap for besøket, og presidenten ble ønsket velkommen med en høytidelig seremoni på Slottsplassen.
Sesongåpning på Oscarshall
Hennes Majestet Dronningen var til stede da åpningen av årets publikumssesong på Oscarshall ble markert fredag kveld. Dette var også starten på en friluftsutstilling med ville dyr utformet av den italienske kunstneren Davide Rivalta.