Årets kvinnelege teknologigründer
Kronprinsparet var til stades på konferansen Technoport i Trondheim i dag. Der fekk Nuria Espallargas prisen "Female Entrepreneur" på sjølvaste Kvinnedagen.
Vinnaren av "Female Entrepreneur" må kunne vise til høg gjennomføringsevne, ambisjonar og vere ein rollemodell som evnar å inspirere fleire kvinner til å satse på teknologiske vekstbedrifter.
Nuria Espallargas frå Seram Coatings står bak eit pulver som kan revolusjonere global infrastruktur:
Espallargas brukte bakgrunnen sin som kjemikar da ho fann opp ein metode som dannar eit av verdas hardaste materiale om til eit pulver som kan brukast til å leggje slitesterkt, lettare og meir miljøvennlig belegg på overflater, blant anna i maskineri som blir brukt i flyindustrien. Seram Coatings AS held til i Trondheim.
Prisen vart delt ut av næringsminister Monica Mæland og kulturminister Linda Hofstad Helleland.
– Årets finalistar har utvikla teknologiske løysingar som svarer på eit marknads- eller samfunnsbehov, seier Pål T. Næss, direktør for gründerar og oppstartbedrifter i Innovasjon Noreg. – Dette er gründerar som kan skape nye arbeidsplassar, konkurrere internasjonalt og gjere Noreg betre rusta til å møte den teknologiske revolusjonen vi står overfor.
Finalister som satsar globalt
54 gründerar frå heile landet hadde søkt om å bli Female Entrepreneur 2017, som i år er retta mot teknologi. For å søkje må bedrifta representere ein nyskapande forretningsidé eller ei verdikjede med internasjonalt vekstpotensial. Prisen er eit samarbeid mellom Nærings- og fiskeridepartementet og Innovasjon Noreg.
– Prisen, som blir delt ut på kvinnedagen 8. mars, skal heidre kvinnelege entreprenørar som satsar på tech, tenkjer globalt og er gode rollemodellar. Det er alle dei tre finalistane gode eksempel på, seier Næss.
Det var to finalistar i tillegg til Nuria Espallargas:
Bubbly Group AS vart starta i Oslo av Marianne Haugland Hindsgaul og er ein "internet-of-things"-plattform som gjer det mogleg for butikkar som Elkjøp å hente inn sanntidsdata og tilbakemeldingar frå kundar i butikken. Tilbakemeldingane gjev verdifull kundeinformasjon som kan bidra til og auke sjansane for eit sal.
Siv Hilde Houmb har starta Secure-NOK AS, ei programvare som oppdagar og forhindrar cyberangrep på kritisk infrastruktur. Den spesiallaga løysinga kan brukast til å beskytte kontrollsystem i for eksempel olje- og gass- eller kraftindustrien. Bedrifta har i dag kontor i Hamar og i Houston.
Delt ut for første gong i Trondheim
Dette var 8. gong prisen vart delt ut, og første gong i Trondheim. Utdelinga var ein del av det offisielle programmet på Technoport Conference, Noregs største innovasjonskonferanse for gründerar, næringslivsleiarar, investorar, studentar og drøymarar.
Vinnaren får 500 000 kroner, som blir utbetalt direkte til bedrifta, og som skal brukast til å utvikle selskapet vidare. Ho får òg ein profesjonell mentor eller eit akseleratorprogram, avhengig av kva som er best eigna for selskapet.
Næringsminister Monica Mæland og kulturminister Linda Hofstad Helleland delte ut prisen til Nuria Espallargas. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
Fram til 2015 heitte prisen Årets gründerkvinne.
Fleire lure løysingar
Etter utdelinga fekk Kronprinsparet sjå nærare på fleire teknologiske løysingar. Dette vart dei presenterte for:
- Ein app for diagnostisering av gulsott hos nyfødde (Picterus og NTNU)
Appen kan redde over 100 000 nyfødde årleg, noko som er spesielt viktig i utviklingsland. Arbeidet blir leidd av Lise Randeberg, som er professor i biomedisinsk optikk ved NTNU. - Immersive VR Collaboration (NTNU)
Dette er ei løysing for samarbeid i virtuell røyndom mellom campusar i forskjellige byer, og for trening av medisinske scenario. Blir leidd av Ekaterina Prasolova-Førland, førsteamanuensis ved institutt for pedagogikk og livslang læring. - Wearable Robot (SINTEF og IUVO)
Eit "exoskeleton" – eit ytre skjelett – gjer deg sterkare og minskar belastningane. SINTEF koordinerer dette prosjektet, som er støtta av EU og har 12 partnarar frå seks EU-land.
Kvinneleg innovasjon og UN Women
I går, 7. mars, skjedde òg viktige ting for kvinner og entreprenørskap. Kronprinsse Mette-Marit var til stades da Innovasjon Noreg inngjekk ein ny avtale med FN-organisasjonen UN Women.
Avtalen skal sikre fleire slike gode og framtidsretta løysingar for å styrkje kvinners helse og posisjon i utviklingsland og dermed bidra til at verda når FNs berekraftsmål (sjå eigen artikkel i lenkjelista).
Aktuelle saker
Nansens minneforelesning
Hans Majestet Kongen og Hennes Majestet Dronningen var til stede da Geir Winge Gabrielsen holdt årets minneforelesning, til minne om polfareren Fridtjof Nansen.
TV-aksjonen fyller 50 år
Hennes Majestet Dronning Sonja er høy beskytter for NRK TV-aksjonen i jubileumsåret og tok i dag imot representanter for Barnekreftforeningen og TV-aksjonen i audiens på Slottet.