Medaljemottaking på Slottet
I dag var 24 mottakarar av Kongens Fortenestmedalje i mottaking på Det kongelege slottet. Det er tradisjon at medaljemottakarane blir ønskte velkommen til Slottet saman med kvar sin følgjesperson.
Medaljemottakarane og følgjet deira vart først tekne med på ei lita omvising i nokre av dei finaste romma i Slottet, før dei vart ønskte velkommen av Hennar Majestet Dronninga, og Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsregenten og Kronprinsessa.
Aage Agnar Solbakk helser på Kronprins Haakon, Dronning Sonja og Kronprinsesse Mette-Marit. Foto: Heiko Junge / NTB
Rein Lae Solberg helser på Kronprinsregenten. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Tor Bjørnødegård og Ingrid Anna Helle Bjørnødegård helser på Kronprins Haakon, Dronning Sonja og Kronprinsesse Mette-Marit. Foto: Heiko Junge / NTB
Da alle var ønskte velkommen, gjekk Dronninga, Kronprinsparet og gjestene til bords i Store festsal, der det var servering, talar og musikalske innslag.
Kongens fortenestmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908. Han blir delt ut for innsats av særleg samfunnsgagnleg natur på område som kunst, kultur, vitskap, næringsliv og sosialt og humanitært arbeid.
Aktuelle saker
Kongsberg feiret 400 år
Det var duket for folkefest i Kongsberg da Kongen og Dronningen i dag var med på bursdagsfeiring.
Unge forskere
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under finaleseremonien i konkurransen Unge Forskere. Konkurransen har som mål å være en arena for engasjement og interesse for forskning blant ungdom.