Hopp til hovedinnhold

Fylkesturen held fram

Dag to av fylkesturen til Rogaland starta i Kongeparken i Gjesdal. I ettermiddag reiser DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa vidare til Bjerkreim.

02.09.2009

Dagens program starta da Kronprinsparet kom til Kongeparken i Gjesdal. Blant dei som var møtte fram, var 300 skulebarn som stod langs ruta da Kronprinsen og Kronprinsessa spaserte opp mot Jærgarden. Det var også kulturinnslag undervegs, med song av Linn Ellise Hovland og musikk med Gjesdal Brass Band. Gjesdal kulturskule bidrog med dans og magi.

Inne på Jærgardstunet var det stands frå Internasjonal kvinnegruppe og aktivitetar i smia og i bakstehuset.

Bedriftsbesøk

Etter tilstellinga drog Kronprinsparet vidare til EWOS Innovation for å lære meir om lokalt næringsliv, noko Kronprinsesse Mette-Marit kommenterte i talen sin på Jærgarden:

Mange mindre steder i landet opplever store utfordringer når en hjørnestensbedrift, som har gitt arbeid til store deler av befolkningen, legges ned. De Forende Ullvarefabrikker var en gang Rogalands største arbeidsplass. Den tiden er forbi, men det er spennende å følge med på utviklingen av ny industri og nye næringer. Etterpå skal Kronprisen og jeg besøke EWOS Innovation. Der gleder vi oss til å lære mer om næringslivet i Gjesdal.

EWOS Innovation driv forsking og utvikling innanfor akvakultur og har som ambisjon å vere ein verdsleiande innovatør i denne industrien. Kronprinsparet vart viste omkring på bedrifta av styreleiar Kjell Bjorland og administrerande direktør Adel El-Mowafi.

Etter bedriftsbesøket deltok Kronprinsparet på ein offisiell lunsj i regi av Gjesdal og Bjerkreim kommunar. Før avreisa til Bjerkreim var følgjet òg innom Gloppedalsura, der Kronprinsparet vart traktert med saksofonspel og historier.

FN-parken på Vikeså

I ettermiddag kom Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit til Vikeså i Bjerkreim. Her besøkte følgjet FN-parken, der FN-veteranar stod oppstilte som æresvakt, og Kronprins Haakon la ned krans på minnebautaen.

Minneparken vart offisielt opna på FN-dagen i 1994, da bautaen vart avduka. Bakgrunnen for at parken ligg akkurat her, er at den første norske soldaten som fall i teneste for fredsstyrkane, var frå Bjerkreim.

Folkefest ved Svelavatnet

Frå FN-parken spaserte Kronprinsparet til Kommuneparken, der det var invitert til folkefest ved Svelavatnet. Bjerkreim leikarring opptredde langs ruta.Ved Svelavatnet vart det både korsong og framsyning med historia om Ulla og Tulla, der saueklipping var blant innslaga.

Seinare på ettermiddagen reiste Kronprinsparet vidare til Egersund.

Byvandring i Egersund

I Egersund besøkte Kronprinsparet den såkalla "Bestyrarleilegheita" ved Meieriet, som er fødestaden til mor til Kronprinsessa. Etter besøket køyrde Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit med hest og vogn til "Grisatorget", og herfrå spaserte følgjet gjennom det bevaringsverdige området "Hauen" til torget.

Undervegs i vandringa møtte Kronprinsparet blant anna på Eigersund Mandssangforening, "De syngende munkene", som song for Kronprinsparet - og særleg for Kronprinsessa.

Om kvelden heldt Kronprinsparet ei mottaking om bord i Kongeskipet.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook