Hopp til hovedinnhold

Avslutta i Trondheim

DD.MM. Kongen og Dronninga og H.K.H. Storhertug Henri av Luxembourg reiste til Trondheim i dag, der den siste dagen av statsbesøket frå Luxembourg vart gjennomført.
01.06.2011

Etter å ha komme til Værnes reiste dei Kongelege først til Rotvoll, der dei besøkte Statoils forskingssenter.

Anvend forsking og utdanning

Forskingssenteret på Rotvoll speler ei viktig rolle i arbeidet for stadig å utvikle Statoils kompetanse og teknologi. Her finst fleire spesiallaboratorium innanfor område som materialteknologi, toksikologi, olje- og gassforedling. I tillegg utfører eigne datalaboratorium modelleringar og simuleringar baserte på komplekse berekningar og datamodellar. Forskingsdirektør Karl Johnny Hersvik gav Dei kongelege ei orientering om verksemda ved senteret, og Eli Aamot viste fram eit av laboratoria.

Kompetanseutvikling stod òg i sentrum seinare på dagen, da Det kongelege følgjet besøkte to andre tunge kompetansesenter, nemleg Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og SINTEF. Dei to institusjonane har eit utstrekt samarbeid, som blant anna inneber utveksling av fagpersonar og samarbeid om laboratorium og anna utstyr.

Ny teknologi for redusert energiforbruk og ENØK stod sentralt i presentasjonane på SINTEF i dag.

Cicignons by

Til lunsj var Dei kongelege Trondheim og var ordførar Rita Otterviks gjester i Erkebispegarden. Her fortalde historikaren Rolf Grankvist om Johan Caspar von Cicignon – ein luxembourgsk adelsmann og general i dansk-norsk teneste, som etter kvart vart meir kjend for evnene sine som ingeniør og byplanleggjar.

I 1681 vart han send til Trondheim for å leie gjenoppbygginga etter den store bybrannen. Byen vart gjenreist etter Cicignons byplan, med breie og rette gater. Midtbyen er stadig basert på denne planen, og Cicignon har fått sin eigen plass mellom Krambugata og Søndre gate.

Omvising i Nidarosdomen

Etter eit kort besøk i Riksregalieutstillinga spaserte det kongelege følgjet til Nidarosdomen, der dei fekk ei omvising av fungerande domprost Ragnhild Jepsen.

Katedralen vart påbegynt i 1070, da Kong Olav Kyrre fekk rive trekapellet som var reist over grava til St. Olav, og lét byggje ei steinkyrkje på staden. Gradvis vart kyrkja utvida, særleg etter at erkebispesetet i Nidaros vart oppretta i 1153. Sterk inspirasjon frå Canterbury Cathedral var med på å gjere Nidarosdomen til ein katedral i gotisk stil.

Ei rekkje brannar og manglande vedlikehald skadde kyrkja kraftig, og ho forfall, inntil eit aukende nasjonalt medvit på 1800-talet reiste kravet om restaurering. Arbeida vart påbegynte i 1869 og har vore ei kontinuerleg oppgåve sidan.

Ein kort konsert avslutta Kong Harald, Dronning Sonja og Storhertug Henris besøk i domen.

Avslutta på Rockheim

Den siste posten på programmet under dette statsbesøket var eit besøk til Rockheim – det nasjonale opplevingsenteret for pop og rock. Museet opna i august 2010 og har som oppgåve å samle inn, ta vare på og formidle norsk populærmusikk.

I dag opna utstillinga "Wenches verden" på museet, og det var Wenche Myhre sjølv som stod for opninga.

Ei vandring i den faste utstillinga på Rockheim er ei reise gjennom norsk populærmusikk og -kultur , 10-år for 10-år, frå byrjinga på 1950-tallet til dagen i dag. I ettermiddag var det direktøren ved museet, Petter Myhr, som tok med Kongeparet og Storhertugen på ein del av denne reisa.
 

Fakta

Fakta om Storhertugdømmet Luxembourg

Hovedstad: Luxembourg
Største by: Luxembourg

Størrelse: 2.586 km²
Befolkning 2011: 502 066
Offisielt språk: Luxembourgsk, fransk og tysk
Valuta: Euro

Styresett: Konstitusjonelt monarki
Statsoverhode 2011: Storhertug Henri

Det ble opprettet diplomatiske forbindelser mellom Norge og Luxembourg 15. april 1931. Kong Harald og Dronning Sonja avla statsbesøk i Luxembourg 18. - 19. april 1996.

Viktigste næringer: Bank- og finansvirksomhet
Eksport til Norge (2010): 507 mill NOK
Import fra Norge (2010): 173 mill NOK

Kilde: UD

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook