Kronprinsesse Märthas Minnefond
Kronprinsesse Märthas Minnefond gjev økonomisk støtte til sosiale og humanitære tiltak i organisasjonar og foreiningar.
Fondet vart oppretta 1. april 1929 under namnet ”Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Märthas Fond”. Etter at Kronprinsessa døydde den 5. april 1954, vart det bestemt at arbeidet til fondet skulle førast vidare under namnet Kronprinsesse Märthas Minnefond, til minne om omtanken Kronprinsessa hadde for medmenneska sine.
Prinsesse Astrid, fru Ferner leier fondsstyret som ein del av det offisielle virket sitt.
Det er ei glede for meg at eg kvart år i tilknyting til mor mi, Kronprinsesse Märthas fødselsdato er så heldig at eg får lov til å dele ut pengar til sosiale og humanitære tiltak i organisasjonar og foreiningar frå heile Noreg, seier Prinsesse Astrid, fru Ferner.
Tildeling av bidrag skjer i tilknyting til fødselsdagen til Kronprinsessa, 28. mars. Søknadsfristen er 1. februar for tildeling same år.
Statuttar
Fondet har som formål å gje økonomisk støtte til sosiale og humanitære tiltak i organisasjonar og foreiningar. Det blir teke sikte på å dekkje behov som det ikkje er ei oppgåve for stat eller kommune å løyve midlar til. Det blir ikkje gjeve bidrag til enkeltpersonar og normalt heller ikkje til investeringar. Det blir berre unntaksvis gjeve tildeling til same formål meir enn eitt år på rad.
Prinsesse Astrid, fru Ferner. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Tildelingar
Fondet får normalt mellom 250 og 300 søknader kvart år, og av dei blir det løyvd bidrag til om lag 150-200. Standardbidraget er på 5000 kroner, men i nokre tilfelle blir det løyvd eit høgare beløp.
Mottakarar av støtte er for eksempel sanitetsforeiningar, pensjonistforeiningar og lokallag av ulike foreiningar og organisasjonar som arbeider til beste for personar med diagnosar og utfordringar av ulike slag. Typiske tiltak det blir gjeve støtte til, er reiser, foredrag og andre arrangement av sosial karakter.
Tildelingar 2024
I 2024 tok fondet imot 270 søknader. Det vart gjeve bidrag til 165 søkjarar, og samla tildeling var på 925 000 kroner.
Mottakarane skal gje tilbakemelding om korleis pengane har vorte nytta, innan utgangen av januar året etter tildelinga.
Organisering
Fondet er organisert som ei stifting. Styret blir oppnemnt av Hans Majestet Kongen og blir leidd av Prinsesse Astrid, fru Ferner. I tillegg til Prinsessa består styret av hoffsjefen, Knut Brakstad, Egil Vindorum og Ingelin Killengreen. Styret får inga form for honorar eller godtgjering.
Søknadene blir mottekne og samla av Det kongelege hoffet og blir deretter sende ut til styremedlemmene. Kven som får støtte, blir bestemt i styremøte.
Hoffet gjev bistand til Prinsesse Astrid i det offisielle virket hennar, og administrasjon og forretningsførsel av fondet er ein del av dette. Administrasjonen blir utført av Ordenskanselliet, og kansellisjef Mette Tverli er sekretær og dagleg leiar for fondet.
Søknad
Det er laga eit elektronisk skjema for søknad om tildeling frå fondet. Når skjemaet er fylt ut og du trykkjer "Send inn skjema", får du opp ei kvittering som du kan skrive ut til eige arkiv.
Det enklaste er å nytte dette elektroniske skjemaet
Søknadsfristen er 1. februar for tildeling same år.
Det er ikkje mogleg å sende vedlegg med det elektroniske skjemaet. Dersom du meiner det er nødvendig å leggje ved ein brosjyre eller liknande, må dette sendast i vanleg post. Legg ved ei utskrift av den elektroniske søknaden, slik at det er klart kvar vedlegget høyrer til.
Om du føretrekkjer å fylle ut søknaden for hand, kan du ta kontakt med Ordenskanselliet og få tilsendt eit skjema. Ferdig utfylt søknad sendast til same adresse:
Kronprinsesse Märthas Minnefond
Ordenskanselliet
Det kongelege slottet
Postboks 1 Vika
0010 Oslo
Spørsmål
Spørsmål om fondet kan rettast til:
Kansellisjef Mette Tverli,
Telefon: 22 04 87 00
E-post: [email protected]
Postadresse som ovanfor.
Personvern
Det kongelege hoffet er oppteke av ditt personvern. Vi vil i ein del samanhengar behandle personopplysningar i samband med verksemda vår. Nærare informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar, og om rettane dine finn du i personvernerklæringa vår, tilgjengeleg via lenkjelista.